Og oppfinnaren sjølv, Poul Rasmussen frå Raudeberg, meiner agn på garn vil føre til større fangstar og betre kvalitet på fisken. - Garna treng ikkje stå så lenge i sjøen, og di færre timar fisken må stå i garna, di betre kvalitet vert det på fisken, seier Rasmussen.
Blir kvitt lusproblemet
Rasmussen har utvikla garnagn-maskina heime i kjellaren på Raudeberg, og har saman med Snorre Seafood og Johansen slip danna selskapet NetBait. Oppfinninga er enkel. Tradisjonelt agn i gråpapir-posar festar seg når garnet går i sjøen, og sånn skal fisk kome raskare i garna. Og lusproblemet, som oppstår når bruk står lenge i sjøen, vil i følgje oppfinnaren forsvinne.
- Smør på flesk
Denne veka presenterer gründerane frå Raudeberg oppfinninga på fiskerimessa i Trondheim. Blant dei nysgjerrige der er den erfarne garnfiskaren Øystein Sandøy. Han har lite tru på prosjektet. - Folk driv med garn fordi dei får mykje fisk, og fordi dei slepp agnutgifter. Det vert litt smør på flesk, meiner han. Likevel meiner Sandøy at utvikling av nye agn-måtar er interessant. Men til anna fiskeri enn garn.
Satsar seks millionar
Oppfinnarane har i alle høve tru på at agn også kan bli ein suksess på fiskegarn. Og så langt er det brukt ein million kroner på utvikling. No skal mellom fem og seks millionar kroner hentast inn til vidare utvikling, frå lokale aktørar og sentrale finansmiljø.