NRK Meny
Normal

Sesongen starta tre veker før tida

I april sette dei frosne jordbærplanter i jorda. No gler Ole Jakob (snart 3) seg over at bæra er klare.

Ole Jakob

ÅRETS FØRSTE: Lukka er stor hos nesten tre år gamle Ole Jakob Tørvi Grøthe – han har fått hand om årets første bær frå jordbæråkeren på Grøtte.

Foto: Toril Tørvi / Privat

I samråd med Lærdal Grønt planta fleire bønder i bygda frosne jordbærplantar, importert frå Nederland denne våren.

Dei kalde, berre vintrane i Lærdal gjer det utfordrande med jordbærdyrking på den tradisjonelle måten, grunna frostskadar, og håpet er at denne nye framgangsmåten skal gi ei stor avling med jamn kvalitet. Så langt ser det veldig lovande ut.

– I går var det vill jubel då ungane kom heim og såg at bæra var plukkeklare. Dei sprang rundt og robba dei mogne jordbæra, seier Toril Tørvi på Ljøsne.

Til no er det berre sonen Ole Jakob på snart tre år som får kose seg med dei søte bæra, men til helga kjem bærplukkarar frå Latvia. Då reknar Tørvi med at dei store mengdene jordbær har fått god farge og er klare til sal – og konsumering

Klart for sal

Kalenderen synte 14. juni i går, men Polka-jordbæra til Tørvi var ikkje dei første som dukka opp i dalen. Rikard Lysne har planta dei velkjende sortane Polka og Sonata, og den sistnemnde er hakket snøggare i utviklinga. Han fortel om mange gode, fine og tidlege bær.

Jordbæra til Rikard Lysne

SONATA: Denne planta vart sett frosen ut i jorda i april, og alt no, to månader seinare, ber ho frukt.

Foto: Rikard Lysne / Privat

– Alt søndag 12. juni byrja me å plukke. Me har selt nokre kassar lokalt, og over helga sel me til Bergen, seier Lysne.

Frå 1. januar 2015 opna ein opp for å importere jordbærplanter frå EU, og alt same året vart det gjort forsøk med frosne planter austanfor.

Ved å bruke frosne plantar kan bonden i større grad programmere sesongen, starte tidlegare og strekke den lenger ved å plante ut litt og litt. Ein fordel med bruke den frosne veksten som ein eittårig plante, slik dei ser for seg i Lærdal, er at det slik vert mindre soppsmitte frå år til år.

Forsøksavling

Ankepunkt og utfordringar ved import av frosne planter er at ein også risikerer å importere plantesjukdom, og at planta ikkje trivst i det nye jordsmonnet.

Det ser ikkje ut til å vere tilfellet på Ljøsne. I år sørgjer dei frosne plantane no for søte jordbær nesten tre veker før normalen i månadsskiftet juni/juli.

– Vi må sjå forsøket ferdig, men akkurat no ser det lovande ut. Kun 2 % av plantene har gått ut, resten har funne seg godt til rette. Bæra er mange og flotte, men så har vi også hatt ein god vår og forsommar, seier Lysne.

Jordbæråker

JORDBÆRÅKER: Rikard Lysne har dyrka frosne jordbærplanter. Det har så langt gjeve svært godt resultat.

Foto: Rikard Lysne
Vegopning på Bergum i Førde kommune