Arkivfoto NRK
Det er på Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid dei no skal starte med godkjenning eller sertifisering av hestar og kuskar. - Målet med kurset er at hestar og kuskar som blir brukte i næringsaktivitet, til dømes innan turisme, skal kvalitetssikrast, seier Hans Kolbein Dahle i Norsk Fjordhestlag.
Tryggare med trening
- Ein hest er aldri sikker, men har du lete han gå gjennom eit treningsprogram, vent han til å bli brukt av fleire kuskar, vent han til å tole folkeforsamlingar, trafikk osv, så kan du iallfall vere tryggare på hesten enn om han ikkje har vore gjennom eit slikt program, seier Dahle.
Hesteskyss i Briksdalen. Arkivfoto NRK
Briksdal-ulukker aktualiserer
Fire ulukker i Briksdalen på fem år, der den siste involverte 16 hestar og 49 britiske turistar, har aktualisert arbeidet.
- Ei påminning
- Ulukkene er ei påminning, men alle som driv i ei næring, må i dag kunne dokumentere at dei er kvalitetssikra. Så dette vil vi no ha i orden for dei som driv i hestenæringa, seier Hans Kolbein Dahle i Norsk Fjordhestlag.
Sertifiserte hestar neste år
Dei første kuskane og hestane vil vere godkjende neste sommar og vil gjere det tryggare for folk flest. - Ingen kan garantere mot ulukker med hest, like lite som vi kan garantere mot ulukker med bil. Men det som er kvalitetssikra har eit betre utgangspunkt enn det som ikkje er kvalitetssikra, seier Dahle.