Hopp til innhold

Seriøs og forsiktig svenske på veg til Sogndal

Sogndal kan vere i ferd med å sikre seg IFK Göteborg sin avtroppande trenar, Jonas Olsson.

Jonas Olsson

NY TRENAR: Jonas Olsson vert rekna som både seriøs og forsiktig. Han siglar no opp som brennheit kandidat til å ta over som trenar i Sogndal.

Foto: Scanpix

Leiinga i Sogndal vil ikkje seie noko før ting er i boks, men svenske Jonas Olsson siglar opp som brennheit kandidat til å ta over som trenar i Sogndal etter sesongen.

– Han er veldig, veldig seriøs og også ganske forsiktig. Han er kanskje ikkje den som pratar mest, seier svenske Canal Plus sin Allsvenskan-ekspert Anders Fredriksson.

– Så det er ikkje noko showmann, altså?

– Han blir aldri nokon stor komikar, ler Fredriksson.

Topperfaring frå Sverige

Det er likevel ein mann med solid erfaring Sogndal Fotball sannsynlegvis er i ferd med å sikre seg som Harald Aabrekk sin etterfølgjar.

Jonas Olsson spelte for IFK Gøteborg på byrjinga av 90-talet som var slutten av klubben si stordomstid. Han la opp som spelar i 1998, og vart etter det trenarassistent i same klubb.

Frå 2004 til 2007 var han hovudtrenar for 2. divisjonsklubben Trollhättan, før han i 2007 tok over etter Arne Erlandsen som trenar for eit av storlaga i Sverige, IFK Gøteborg, saman med Stefan Rehn.

– Han er ein slik som overlever under tøffe forhold, men står ikkje for den kreative angrepsfotballen ein forventar av eit topplag som IFK Göteborg, seier Christian Olsson, reporter i Sveriges Radio.

Når han får høyra at Sogndal er eit lag som enten kjempar for opprykk til eliteserien eller mot nedrykk til førstedivisjon ler han godt og kvitterer:

– Sogndal og Jonas Olsson høyrest ut som ein bra match.

Klar i løpet av veka?

Sogn Avis observerte Olsson sitjande saman med Sogndal Fotball sin styreleiar Tor Arne Næss og sportslege leiar Trond Fylling då Sogndal møtte Fredrikstad søndag kveld.

Tidlegare skal Olsson også ha vore i Sogndal saman med familien sin for å sjå på forholda. Næss vil likevel ikkje kommentere Olsson overfor Sogn Avis. Avisa spekulerer i at Olsson kan bli presentert som Aabrekk sin etterfølgjar i løpet av veka.

I sommar vart det klart at korkje noverande trenar Harald Aabrekk eller Sogndal Fotball ynskjer å fornya Aabrekk sin kontrakt som går ut ved årsskiftet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Harald Aabrekk

PÅ VEG UT: Harald Aabrekk held ikkje fram som trenar i Sogndal etter sesongen.

Foto: Rune Fossum

Defensivt fokus

Dei svenske fotballekspertane skildrar Olsson som svært ulik Aabrekk som person, men ganske lik i tilnærminga til fotball.

– Jonas Olsson har alltid vore ein forsiktig general. Eit sterkt forsvar og raske overgangar. Det oppsummerer IFK under Olsson, seier Frediksson i Canal Plus.

IFK vann Allsvenskan det første året Olsson trente dei i 2007. Året etter vann dei den svenske cupen, og i 2009 tapte dei Allsvenskan på målstreken mot AIK. Etter det har det gått dårlegare med Olsson og IFK, og to serierundar før slutt i år ligg dei på sjetteplass.

– Han har vore der lenge og var hardt pressa i starten av denne sesongen. Dei begynte ille og tapte vel dei fire første kampane, seier Frediksson og legg til:

– Men IFK valde å behalde han på eit tidspunkt då dei fleste ekspertar trudde han skulle få sparken. Etter det har det gått litt oppover med dei og dei har nærma seg kapasiteten dei hadde håpa dei skulle vise frå starten.

Manglar karisma

Det har vore klart ei stund at IFK ikkje ynskte Olsson vidare etter denne sesongen, og Christian Olsson seier han neppe ville fått nokon ny jobb i ein av dei andre svenske toppklubbane.

– Han har eit bra rykte, men inntrykket er vel at han manglar karismaen som skal til for styre ein toppklubb, seier han.

– Flink med ungdom

At han kjem frå ein toppklubb med fokus på å vinne titlar, trur ikkje Fredriksson blir noko problem.

– Han kom jo opphavleg frå ein liten klubb i Trollhättan så det er nok ikkje så vanskeleg for Olsson.

Han meiner også at Sogndal sitt fokus på å få fram unge spelarar frå nærområdet passar Olsson som hand i hanske.

– Der har han god statistikk. Han tok med seg ein ung spelar frå Trollhättan til IFK. Jakob Johansson var berre 17 då han kom, men har vore Olsson sin «favorittspelar» heile tida i IFK.

Han har også sleppt gjennom fleire andre, så han let dei unge talenta spele. Så på den måten passar han godt, seier Fredriksson.