Hopp til innhold

Nesten heile suksesslaget var russ i vår – no fryktar serieleiaren for spelarflukt

Svært mange av Florø-spelarane var russ i år, og står dermed på steget ut i verda for å ta utdanning. Det kan gi store hol i fotballaget i kystbyen.

Kristoffer Ryland og Peter Aase jublar for siger over Førde

JUBELGUTAR: F.v. Kristoffer Ryland og Peter Aase er to av spelarane av 95-generasjonen i Florø.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Hovuddelen av laget vårt består av 1995-årgangen. Vi veit at nokon av dei reiser, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Det er allereie klart at Aksel Bauge dreg i militæret, men andre namn vil ikkje Rognsø sleppe no. Totalt var 16–17 av spelarane russ i vår.

– Det er ein del som er litt usikre. Dei ventar på svar på om dei kjem inn på det studiet som dei ønskjer. Difor har eg ikkje nøyaktig tal på kor mange som reiser, seier Rognsø.

Treng studium eller deltidsjobb

Han understrekar at dei fleste som har spelt mest med seniorlaget i år, har gitt uttrykk for at dei ønskjer å halde fram i Florø. Men då må dei ha noko meir enn berre fotball å bruke hovudet sitt på.

– Då må dei også ha ei viss form for inntekt, og gjerne også eit deltidsstudium. Det siste har vi jobba ganske mykje med, så der har vi moglegheiter. Men det skal passe for alle, så det er ikkje ei enkel sak for klubben, seier Rognsø.

Men han legg til at dette er noko klubben har vore førebudd på.

– I desse dagar driv vi og kartlegg situasjonen. Vi har vore vant til at vi mistar mange, seier Rognsø.

Han legg til at årets sesong kanskje gjer laget endå meir utsett.

– Vi er i ein spesiell situasjon der det sportslege har gått så bra. Vi har ein del spelarar som ønskjer å bli her, så vi må prøve å hjelpe dei med ein kombinasjon av deltidsstillingar, utdanning og klubb, seier Rognsø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Terje Rognsø

TØFT: Florø-trenar Terje Rognsø er klar på at klubben neppe klarar å hjelpe alle som vil, med å få deltidsjobb eller deltidsstudium.

Foto: Rune Fossum / NRK

Klarer ikkje hjelpe alle

Han peikar på at det er ein ekstra krevjande situasjon for ein liten klubb som Florø.

– Det er ein vanskeleg prosess. Vi er ein klubb som ikkje har pengar til å vere med og bidra. Då er vi avhengige av å skaffe mange eitt eller anna å gjere på, eller iallfall hjelpe til for at dei skal få noko, seier Rognsø.

Han understrekar at alle ser at dette er ei gyllen moglegheit, men at det er eit stykke derifrå til å få det til i praksis.

– Vi kjem ikkje til å ha ein sjanse til å hjelpe alle. Då må vi kanskje gjere vurderingar som vi ikkje har gjort før, og bestemme oss for kven vi skal gå for, seier Rognsø.

Han vil ikkje uttale seg nærare om klubben har gjort seg opp tankar om kven dei ønskjer å satse på.

Kan bli aktuelt å betale spelarar

Tysdag hadde han møte med spelargruppa for å få kartlagt kva ønskjer og planar kvar einskild har.

– Det er ulikt kva dei ønskjer. Vi må berre sjå på om vi klarar å hjelpe dei med det som skal til, seier Rognsø.

Om det kan bli aktuelt å betale spelarar for å spele for Florø, er høgst usikkert.

– Det er noko som ein har diskutert. Men om så skulle vere, vil det ikkje vere snakk om veldige summar. Men då må vi ha inn endå meir pengar, seier Rognsø.

Han understrekar at det ikkje er snakk om all verdas summar, men for ein klubb som ikkje har noko i det heile, blir det mykje.

– No får vi sjå kva vi får til. Eg håpar vi veit meir i løpet av juni, seier Rognsø.

(Artikkelen held fram under videoen)

På ett år, har trener Terje Rognsø ført Florø fra tredje-divisjon, til nå å lukte på opptrykk til første. Og i forrige cuprunde slo laget Hødd 5-1 på bortebane. Reporter: Harald Thingnes, foto: Steinar Lote, redigering: Lars Thomas Nordby.

REPORTASJE: Fekk du ikkje med deg TV-reportasjen om Florø, kan du sjå den her.

Har synt spelarpotensial

Han presiserer at det viktigaste er kva spelarane sjølve vil.

– Fleire av spelarane har ambisjonar om å komme seg oppover i divisjonane, og det meiner eg er heilt rett når dei ligg såpass langt framme i si årsklasse. Då er det eit ønskje for oss å halde fram utviklinga her, og vi vil gjerne få det til. Men det er mange faktorar som spelar inn, seier Rognsø.

Florø ligg i toppen av 2. divisjon, og det har også tidlegare vore snakka om at ein har ambisjonar om å ta steget ein divisjon opp.

– Det kan ein få til. Vi har jo sagt at vi i løpet av nokre år kanskje kan vere med på å rykkje opp. Vi har jo vist at vi har spelarpotensial, og det har vi i grunnen vore klar over, seier Rognsø.

Han peikar på at laget er langt framme sportsleg, men at klubben er dugnadsdriven og har null årsverk.

– Vi må nok vidare. Skal du få til semi-profesjonelle fotballspelarar så må du ha inn meir pengar, og då må du fri til næringslivet. Samtidig som vi må jobbe knallhard for å levere eit godt sportsleg produkt, seier Rognsø.