Elendig frukthaust i fjor - bøndene gler seg stort over normalår

Den historisk dårlege frukthausten i fjor gav lite norske eple på matbordet. Men i år ser det ut til at det blir både mykje og god frukt.

Norske eple frå Leikanger

NORMALÅR: Det ser ut til å bli ein bra frukthaust i Sogn og Fjordane. Etter ein særs dårleg sesong i fjor gler bøndene seg sjølv om det kanskje berre blir ein normalsesong for mange.

Foto: NRK

I år bognar frukttrea i Sogn og Nordfjord med flotte eple og plommer. Det er godt nytt etter at fjoråret resulterte i ein historisk dårleg frukthaust. Det var då rekordmange bønder som søkte erstatning etter avlingssvikt.

Dagleg leiar ved Sognefrukt, Jens Terje Hammervoll, er godt nøgd med at årets sesong ser betre ut.

– Slik som prognosane ser ut no ser det ut til å bli eit brukbart år, litt over middels, kanskje eit til dels godt år, seier han til NRK.no.

Har tru på normalavling for dei fleste

Sognefrukt tek imot det meste av fruktproduksjonen i Sogn og slik det ser ut no vil ta imot minst 550 tonn med eple frå fruktdyrkarane i regionen.

Ved Innvik fruktlager er stoda også god, her ventar dagleg leiar Svein Kvame at det vil kome inn om 220 tonn eple frå bøndene i Nordfjord.

– Det er nok ikkje noko toppår, men heller ikkje noko uår, seier han og legg til:

– Eg trur det ligg nær ei normalavling for dei fleste.

Gler seg stort etter dårleg sesong i fjor

At fruktbøndene gler seg stort over det som ser ut til å bli eit normalt år er kanskje ikkje så rart når ein ser tilbake på frukthausten 2011. Etter ein kald vinter, ein sur vår og ein kald og våt sommar vart fruktsesongen i fjor historisk dårleg.

Svært mange fruktbønder søkte i fjor om erstatning etter at det dårlege vêret øydela avlinga. I tillegg til at avlingane vart mindre, vart til dømes mange eple også angripne av sopp, såkalla skurv.

Både bønder som dreiv med frukt og bær, dyrehald og anna matproduksjon vart i fjor hardt råka. Statens landbruksforvaltning såg allereie tidleg i fjor haust det an til at dei kunne måtte betale ut erstatningar på til saman 100 millionar kroner til bønder som hadde tap på grunn av dei klimatiske forholda.

I år ser det derimot ut til at det blir både mykje og god frukt.

– Plommene smakar iallfall godt, så eg trur det blir god smak på frukta i år, seier Kvame ved Innvik fruktlager.

Over 200 tonn plommer

I tillegg til dei 220 tonna med eple er det venta at Nordfjordbøndene denne hausten vil levere 70 tonn med plommer. Kollega Jens Terje Hammervoll i Sognefrukt seier det blir mykje plommer også der.

– Så langt ser det ganske lovande ut, seier Hammervoll som viser til at dei allereie har pakka rundt 50 tonn med plommer.

– Vi ventar å kome opp i rundt 140 tonn plommer.