Hopp til innhold

Ser svært ulikt på gruvene sine

Medan innbyggjarane i Naustdal protesterer mot gruvedrift, elskar dei gruva si i Sør-Varanger.

Video GRUVE123-010910W-SF-183747-SIMPEG-4_SF.mp4

- Her er området der gruva kjem til å liggja, og slik kjem det til å sjå ut dersom gruva kjem. Det er berre innover og innover og innover, seier Laila Claussen.

- Arbeidsplassar for ein kvar pris?

Biletet av ei gruve i Kirkenes vert nytta som eit skremselsbilete for korleis det kan koma til å sjå ut i Vevring. For her kjempar bygdesamfunnet mot gruvedrift.

- Motivasjonen er at eg har tre små born, og bur 800 meter frå Engebøfjellet. Garden her er driven i generasjonar, og eg vil at mine born skal driva den trygt også, seier Claussen.

I gruva skal ein vinna ut stoffet Rutil, medan millionar av tonn overskotsmasse vil verta dumpa i den nasjonale laksefjorden.

Les også: – Kan øydeleggje ein heil fjord

Les også: Ankar til topps om gruva kjem

- Det vert jo eit verdival. Skal ein skaffa arbeidsplassar for ein kvar pris? Me hadde jo håpa me skulle få behalda Naustdal som den har vore med bærekraftige arbeidsplassar i mange år. No legg me fjorden brakk og får ei gruve med arbeidsplassar i 30-40 år i staden.

Jublar for gruva si

Sydvaranger Gruve
Foto: Teknisk Ukeblad

Jernmalmgruva i Sør-Varanger i Finnmark opna att denne veka etter 14 år stillstand. Her utløyser det jubel, ikkje sorg.

- Eg trur det er veldig positivt. Ikkje berre for næringa her, men for ungdom som har fått arbeid i gruva. Elles måtte dei ha flytta eller gått arbeidsledige, seier Grethe Martinsen, som jobbar i gruva.

Gruva i Sør-Varanger gjev arbeid til 400 peronar. Til og med lokale miljøvernarar helser gruva velkommen.

- Me aksepterer at ein har forsvarleg utnytting av ein naturressurs. Det er når ein går utover det forsvarlege at me reagerer, seier Bernt Nilsen i folkeaksjon mot giftutslepp.

- Me gjev ikkje opp

Håkon Myrvang
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Tilbake i Vevring verkar 170 nye arbeidsplassar i gruva forlokkande på Naustdalordførar, Håkon Myrvang.

Les også: Krev ny høyring om rutilutvinning

Les også: Gigantprosjekt utsett eit halvt år

Les også: – Grotesk Hiroshima-samanlikning

- Berre ni kommunar i landet har større underskot på arbeidsplassar enn oss. Arbeidsplassar er viktige i Sør-Varanger, og det er viktig her.

- Men me gjev ikkje opp, svarar Laila Claussen, som vil verta nabo til ei eventuell gruve i Vevring.