Hopp til innhold

Trur ikkje lenger på at Statoil vil snu

Ordførar i Florø, Bengt Solheim-Olsen (H), har gitt opp kampen om forsyningsaktiviteten som Statoil vil kvitte seg med i Florø.

Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen og oljebasen i Florø.

GIR OPP: Flora-ordførar trur kampen om forsyningsaktiviteten til Statoil er tapt. – No blir det uansett ikkje gjennomført med ein gang. Kun Statoil som kan skape anna aktivitet med i Florø, dei vi må ha godt og konstruktivt samarbeid med, då er det det vi må ha fokus på, seier han.

Foto: Fotomontasje: Harald M. Valderhaug/NRK

Onsdag vart det kjent at 150 årsverk vil gå tapt i kystbyen når oljegiganten skal gjere seglingsmønsteret på forsyninga til oljeplattformene meir kostnadseffektivt.

Konsekvensen blir at aktiviteten blir flytta til Mongstad. Og det utan at sentrale styresmakter vil gripe inn.

– Eg trur nok at den avgjerda Statoil har tatt vil bli ståande. Difor er det berre i samarbeid med Statoil at vi kan ha gode strategiske prosessar no. Det er berre Statoil som kan skape anna aktivitet i Florø, seier ordførar Bengt Solheim-Olsen (H).

Uroa fylkesordførar

Rapporten som fylkeskommunen fekk utarbeidd av PricewaterhouseCoopers, er ikkje like dyster som den same selskap utarbeidde for Flora Industri- og Næringsforening i sommar.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) er likevel uroa.

– Vi snakkar om 150 arbeidsplassar innan primærleverandørane, dei som er direkte råka og som vi kan talfeste. Talet på arbeidsplassar som blir borte bli langt høgare dersom ein også reknar inn effekten for blant anna underleverandørar og anna næringsliv i Florø, seier ho.

Ministeren på besøk

Flora-ordføraren er samd i at rapporten frå PWC ikkje er noko hyggeleg lesnad, men er oppteken av å halde fram med eit tett og godt samarbeid med Statoil.

Han har allereie invitert både Statoil og Olje- og energiminister Tord Lien (Frp) til Florø med tanke på å utvikle petroleumsmiljøet.

– Vi får ta den smellen vi no får, så får vi jobbe så knallhardt som vi berre kan for å gjere nedturen så liten som mogleg, og snu den til noko positivt, seier han og manar til konstruktive samtalar med Statoil og næringslivet i kystbyen.

Vil ha ny aktivitet

– Næringslivet i Florø har starta eit prosjekt, «Tampen til Florø», som skal vise Statoil at Florø er eit konkurransedyktig alternativ når Statoil skal velje korleis dei skal drifte si næringsverksemd på ein kostnadseffektiv måte, legg han til.

– Betyr det å jobbe for å få Statoil til å legge andre aktivitetar til Florø, framfor å få dei til å revurdere seglingsmønsteret?

– Dei har komne til sin konklusjon, departementet og ministeren har sagt at det Statoil vil gjere er innanfor dei konsesjonsvilkår som dei har fått. Den avgjerda kjenner eg meg trygg på ville vore den same uavhengig av kva farge det er på regjeringa.

FIN Gir ikkje opp

Partikollega Bjørn Hollevik er vara for stortingsrepresentant Bjørn Lødemel. Han er også styreleiar i Florø Industri- og Næringsforeining (FIN). Han meiner bestemt at toget ikkje er gått med tanke på å få Statoil til å snu.

– For meg har ikkje toget gått før toget har reist frå stasjonen. Dette skal vi jobbe med fram til 2015, seier han og seier næringslivet no vil framheve meirverdien Statoil har med å vere i Florø.

Statoil har samstundes sagt at dei ynskjer å skape ny aktivitet, men vil ikkje gi klare svar på kva dette er.

Mange opne spørsmål

Hollevik tykkjer det er mange opne spørsmål kring kva planar Statoil har for oljebyen i fylket. Han ynskjer klarare svar frå oljegiganten.

– Statoil har vore tydeleg på at forsyning skal vekt, men at rør skal vere. Rundt rør er det mange uavklarte ting, og for Subsea og for dei som har forsyning er det mykje uvisse, seier han og avsluttar:

– For meg ligg fôringsrør att av det som er sikkert, det gir ikkje mange arbeidsplassar.