NRK Meny
Normal

Ser særs alvorleg på prøvesvar som vart gløymt

Prøvesvar som tyda på kreft vart kvittert ut, utan at Helse Førde følgde det opp.

Per Stensland

ALVORLEG: – Prøvesvaret vart kvittert ut utan å ha blitt lese og følgt opp. No blir Helsetilsynet orientert om saka, seier fylkeslege Per Stensland.

Foto: Arne Stubhaug

For åtte sidan vart ein pasient lagt inn ved Helse Førde for å fjerne det ein trudde var ein godarta svulst. Samstundes vart det teke prøvar av svulsten for vidare undersøking.

– Desse prøvane synte at det kunne vere kreft som var fjerna, men dette vart ikkje følgt opp, fortel fylkeslege Per Stensland.

Alvorleg

Fylkeslegen har granska saka og kome fram til at Helse Førde ytte uforsvarlege helsetenester. Pasienten fekk seinare alvorlege komplikasjonar og følgjer av sjukdommen.

– Dette er naturlegvis særs alvorleg. Heldigvis er journalsystemet no endra, ikkje på grunn av denne saka, men andre hendingar i landet, seier Stensland.

Han er difor trygg på at liknande feil ikkje kan skje igjen, men understrekar at det er viktig å påpeike feilen som vart gjort av helseføretaket. Journalsystemet som vart brukt på den tida gjorde at ein kunne kvittere ut prøvesvar utan å lese og følgje det opp.

– Det vart faktisk gjort. Prøvesvaret vart kvittert ut utan oppfølging, seier Stensland.

Fylkeslegen har også orientert Helsetilsynet om hendinga, for å orientere dei om at ei teknisk innretning på sjukehus har hatt så alvorlege følgjer for ein pasient.

Beklagar

Feilen vart oppdaga i samband med seinare behandling, og pasienten har fått alvorlege komplikasjonar og følgjer av sjukdommen. I Helse Førde beklagar fagdirektør Hans Johan det som skjedde.

Hans Johan Breidablik

HAR SKJERPA RUTINANE: Hans Johan Breidablik er fagdirektør i Helse Førde.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Vi kan ikkje gjere anna enn å beklage på det djupaste, for slikt skal ikkje skje, seier Breidablik.

Han seier dei no har gjort endringar på rutinar og journalsystem for å hindre at slikt skal skje igjen.

– For nokre år sidan vart vi merksame på problemet i samband med nokre andre prøvesvar, som galdt vanleg laboratorium. Då gjorde vi nokre endringar i forhold til journalsystemet og rutinane nettopp for å sikre mot slike ting, seier Breidablik.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.