Hopp til innhold

Ser nesten ferdig ut, men blir ikkje opna i år

Den nye E39 forbi Sande i Gaular er ferdig asfaltert og tilsynelatande nesten klar for trafikk. Men vegen blir tidlegast opna til våren.

Nye E39 forbi Sande

NESTEN FERDIG: Den nye E39-strekninga Sande nord-Birkeland.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eg forstår spørsmålet, seier prosjektsjef Kjartan Hove i Statens vegvesen region Vest når vi spør kvifor ikkje denne delen av vegprosjektet kan bli opna for trafikk før heile strekninga skal opnast - etter planen sommaren 2016.

– Vi ser alltid etter sjansar for å opne veganlegg tidlegare enn planlagt. men alle kontraktane er ikkje gjennomførte. Det manglar gatelys og lys i rundkøyringa og avkøyringa til Dale og Sande sentrum, det manglar vegmerking, og det står att arbeid på sideareal.

Kjartan Hove

- SER PROBLEMET: Prosjektsjef Kjartan Hove i Statens vegvesen region Vest.

Foto: Arne Eithun / Statens vegvesen

Kanskje opning rundt 1. april

Han reknar med at elektroentreprisen kan vere fullført rundt 1. april 2016, og at dei no vil snakke med hovudentreprenøren om det kan vere mogeleg å opne strekninga Birkeland-Sande nord litt tidlegare enn resten av anlegget, Dregebø-Grytås.

– Vi har ikkje diskutert det med entreprenøren enno, men i den grad dei ynskjer å gjere seg ferdige og frimelde denne strekninga, så er det aktuelt å opne så tidleg som mogeleg.

Kvar dag passerer det 2500 bilar gjennom Sande sentrum, og Kjartan Hove forstår godt at dei som bur der gjerne vil ha trafikken over på den nye vegen fortast råd.

– Eg ser heilt klart problemet, og for dei som har vore og sett på nyevegen så ser han veldig flott og fin ut. Men for vår del handlar det like mykje om arbeidsmiljøet for dei som skal gjennomføre arbeidet. I kontrakten er det sagt at dei skal ha fritt tilgjenge og kunne bevege seg utan risiko for trafikk i den tida dei utfører arbeid for oss.

Vi har fått prøvekøyre deler av nye E39 gjennom Gaular.

TUR PÅ NYE E39: Her kan du sjå korleis det blir å køyre den nye strekninga Sande nord-Birkeland. Foto: Oddleif Løset.

– Plukke vekk trafikkfeller

Rektor Rune Kvammen ved Sande skule ser fram til at gjennomgangstrafikken blir leia vekk frå Sande sentrum, men han meiner dei skal leve bra med at det ikkje skjer før tidlegast til våren.

– Vårt hovudproblem var tidlegare at plassen framfor skulen var så uoversikteleg. Men no har vi fått på plass ei avgrensing av plassen mot E39, og det har og kome fortau. Så elevane går relativt trygt til og frå skulen.

Men dersom den nye strekninga blir opna tidlegare enn planlagt helsar han det velkomen.

– For dei av elevane våre som tek bussen frå stader mellom Birkeland og Sande er det bra, for det plukkar vekk nokre trafikkfeller.

Kjartan Hove seier at arbeidet går etter planen på strekninga Dregebø-Grytås.

– Vi held tidsplanen, sjølv om det ser meir uferdig ut der. Og vegen langs Dregebøvatnet vil bli teken i bruk tidlegare enn resten av strekninga, for det er utbetring av ein eksisterande veg.

Planen til Statens vegvesen er at heile veganlegget på E39 mellom Sande og Vadheim skal opnast offisielt sommaren 2016. Men det er altså ein sjanse for at Birkeland-Sande nord blir teke i bruk litt tidlegare.