NRK Meny
Normal

Ser ikkje for seg at sakna har reist frivillig

ÅRDAL (NRK): Den sakna 24-åringen frå Eritrea hadde vore på mottaket i Årdal sidan dei opna i august 2013. No hadde han fått opphaldsløyve.

Gunn Lerøy

TUNGE DAGAR: Gunn Lerøy ved Årdal mottakssenter fortel om vanskelege dagar for bebuarar og tilsette ved institusjonen i Årdal.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Sakna asylsøkar

SAKNA: 24-åringen frå Eritrea vart sist observert i 12-tida torsdag.

Foto: Politiet

– Det er veldig tungt. Både for oss tilsette og bebuarane, men spesielt for dei som budde med han. No lever vi i uvissa, seier leiar Gunn Lerøy ved Årdal mottakssenter.

Store styrkar har sidan fredag kveld søkt etter den sakna eritrearen. Sivilforsvaret, Norsk Folkehjelp, Røde Kors, helikopter og drone har delteke i søket, i tillegg til politiet.

– Ingen har sett kvar han har teke vegen. Han har heller ikkje sagt noko om at han har tenkt å reise noko stad. Difor er det vanskeleg, seier Lerøy.

Var aktiv i fleire miljø i kommunen

NRK får stadfesta både frå mottaksleiaren og politiet at eritrearen har fått opphaldsløyve, og at han no berre venta på å bli busett i ein kommune.

Han hadde vore på mottaket i Årdal sidan det opna i august 2013. Han var aktiv i fotballmiljøet i kommunen, og også med i det kristne-ortodokse miljøet.

– Er det nokon som helst grunn til at han kan ha reist frå Årdal frivillig?

– Nei, ikkje slik eg ser det, seier Lerøy.

Lensmann Magne Knudsen

HÅPAR FRAMLEIS: Lensmann Magne Knudsen har framleis håp om å finne den sakna mannen i live.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Politiet har veldig lite å gå etter

Etter at politiet fekk meldinga om den sakna mannen fredag ettermiddag, har dei gjennomført søk i Utladalen og i Øvre Årdal, i dalføre og sidedalar. Dei har også søkt i elva Utla og i vanskelege parti med ei klatregruppe.

24-åringen likte seg ute i naturen, og skal ha vore kjend i lokalmiljøet.

– Kva teoriar jobbar politiet no ut frå?

– Vi håpar å finne han. Men reint teknisk leitar vi i ei elv, og då reknar vi med at han er omkomen. Samstundes har vi ikkje funne han, og håpar at han dukkar opp. Men vi veit ikkje, og har veldig lite å gå på, seier lensmann Magne Knudsen.

Håpar framleis å finne han i live

Utover tysdagen vert det sett i gang nytt søk i bustadområda i Øvre Årdal. Politiet vil dele området inn i roder, og Norsk Folkehjelp har med seg folk til å leite i buskar og kratt, langs stiar og liknande.

Førebels er det ikkje gjort funn av personlege eigedelar etter den sakna.

– Er håpet om å finne han i live no ute?

– Nei, det er det ikkje. Men tida går, seier lensmann Knudsen.