NRK Meny
Normal

Ser framover med nybygg etter storbrann i Lærdal

LÆRDAL (NRK): To og eit halvt år etter storbrannen har skyttarhuset i Lærdal reist seg frå oska. Smila var store under den offisielle opninga av bygget.

Opning av skyttarhus

FIRE GLADE KARAR: Det var berre smil og latter å spore hjå desse karane under opninga av skyttarhuset i Lærdal. Finn Hauge (t.v.), Jarle Offerdal, Terje Bolstad og Kåre Øyri (t.h.).

Foto: JAN CHRISTIAN JERVING / NRK

Laurdag 18. januar 2014 er datoen som ingen i Lærdal nokon sinne kjem til å gløyme. To og eit halvt år etter den største brannen i Noreg i fredstids, der 41 bygningar brann ned til grunnen, vil laurdag 1. oktober 2016 opne eit nytt kapittel for Lærdal skyttarhus.

– Rett og slett ein fantastisk dag, seier leiar i Lærdal idrettslag, Halvard Thomassen.

Det var berre ruinar att av Lærdal skyttarhus etter storbrannen, men i dag var det offisiell opning av det nye huset.

– Det er ei god kjensle å stå her i dag etter to og heilt halvt år utan klubbhus. No kan vi endeleg tenke framover, seier Thomassen.

Fleire hadde tatt turen for å få med seg den offisielle opninga. Ungdom opna det heile, etterfølgt av taler.

Ein lang og krevjande veg

Med ei grunnflate på 600 kvadratmeter er det eit stort prosjekt som har reist seg frå oska i Lærdal.

– Det har vore ein krevjande prosess med eit prosjekt til 12 millionar kroner. For eit lag basert på frivillig arbeid, så er det ei stor oppgåve å få eit slikt prosjekt i hamn, seier leiar for sameiget for det nye bygget, Jarle Offerdal.

Det nye huset er bygd på same stad, og har ei større grunnflate enn det gamle.

– Det var eit spørsmål kor ein skulle bygge nytt, og om det skulle skje på denne tomta eller ein annan stad i bygda, men det enda opp med at vi bygde opp att her, seier Offerdal.

Aktivitet skal fylle huset

Allereie før den offisielle opninga har fleire tatt i bruk huset.

– Vi er allereie i gong med handbakgruppa som har byrja med treningane sine her, og skøytegruppa er i gang, seier Thomassen.

Thomassen håper bygget vert brukt mykje framover.

– Vi håper det blir aktivitet kvar einaste dag i veka, og ikkje minst ein møteplass for bygda, seier Thomassen.