Hopp til innhold

Pendlar fekk prøvekøyre Kvivsvegen - gler seg til opninga

Om tre veker opnar Kvivsvegen, noko som opnar ein heilt ny bu- og arbeidsregion for mange tusen menneske.

Ein heil region ser fram til opninga av Kvivsvegen.
Vegen opnar ein heilt ny bu- og arbeidsregion for mange tusen menneske.

SJÅ TV-SAKA: Kvivsvegen bind 60000 menneske saman.

Kvivsvegen skal binde saman Nordfjord og Søre Sunnmøre og vil korte ned reisetida mellom dei to regionane, noko mange ser fram til.

Ein av dei er pendlaren Bengt Ingebrigtsen. Han er kommunelege i Hornindal, men bur i Volda. I dag fekk han prøvekøyre den nye vegen.

– Det var kjekt å køyre her og litt spesielt å få lov, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bengt Ingebrigtsen

PRØVEKØYRER: Pendlar Bengt Ingebrigtsen gler seg til opninga av Kvivsvegen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Etterlengta veg

Opninga av Kvivsvegen er etterlengta for mange. Innbyggjarane i indre Nordfjord kjem brått veldig nær ein region med 45 000 innbyggjarar, beståande av kommunane Volda, Ørsta, Hareid, Ulstein, Herøy og Sande.

Å bu i Hornindal eller Stryn og jobbe på søre Sunnmøre vil ikkje bli noko problem, og det vil bli kortare reisetid til flyplassen i Ørsta enn til Anda. Frå Volda og Søre Sunnmøre tek det 50 minutt kortare tid å kome seg austover i nabofylket.

Blir meir attraktivt

Arbeidet med vegen starta i januar 2009 og den 17 kilometer lange vegen kjem til å koste over ein milliard kroner.

Men sjølv om det har teke si tid, så har det vore verdt å vente på. Kommunelege Ingebrigtsen seier at arbeidsmarknaden aukar og det gjer det meir attraktiv å bu i dette området.

– Det hadde ikkje vore aktuelt å bu i Møre og Romsdal og jobbe i Sogn og Fjordane, om det ikkje var for at Kvivsvegen snart opnar, seier han.

– Eg har spurt om å få køyre gjennom her dei tre neste vekene, men det fekk eg ikkje. Eg må nok køyre rundt, smiler han.

Navarsete opnar

Dagens E39-strekning er med nye Kvivsvegen eit steg nærare ferjefri. Og når heile nye E39 står klar, kjem ein seg effektivt mellom Folkestad i vest og Otta i aust.

Den 22. september opnar den nye vegen mellom Grodås i Nordfjord og Kalvatn i Volda, og den offisielle opninga er det kommunalminister Liv Signe Navarsete som står for.

Kart

MANGE FORDELER: Dagens E39 trase blir med Kvivsvegen eit steg nærare å bli ferjefri. For Søre Sunnmøre betyr vegen også lettare tilkomst til Austlandet – med raskare tilkomst til riksveg 15 over Strynefjellet.