Hopp til innhold

Ser for seg ferjedrift i utlandet på sikt

Når Norled AS og Fjord1 AS no vurderer å slå seg saman, er det både for å vere betre rusta til internasjonal konkurranse – og til å drive ferjer i utlandet.

Dagfinn Neteland

UTFYLLER KVARANDRE: Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland, meiner det er gode grunnar for å fusjonere Fjord1 og Norled.

Foto: Hilde Anita Røyrvik / Fjord1

– Vi trur at denne marknaden vert meir og meir internasjonal. Går du ti år tilbake, var det lokale selskap. Så vart det nasjonale selskap. Vi trur at om nokre år vert det internasjonale selskap, seier administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland.

I dag vart det kjent at dei to selskapa har inngått ein intensjonsavtale for å sjå om det er grunnlag for å slå saman dei to store selskapa. Totalt sit selskapa på vel 160 fartøy og har meir enn 2.000 tilsette.

Må bli større for å ta ytterlegare steg

– Vi er tidleg ute. Vi ønskjer å etablere eit stort kraftsenter innan ferjetrafikk i Norge, og så skal vi bruke det til å utvikle oss vidare. Vi ser at det krevst større einingar i næringa vår. Skal vi ta ytterlegare steg i denne næringa, må vi bli større, seier Neteland.

Han karakteriserer dei som to sterke selskap, som sjølv om dei har mykje felles, også er ulike.

– Dei er sterke på hurtigbåt, medan vi er sterkare på ferjer. Vi utfyller kvarandre godt, og kjenner kvarandre godt, seier Neteland.

  • Les også:

Skal ha bestemt seg til 25. juni

Han understrekar at det er for tidleg å spekulere i kor eit hovudkontor til slutt vert liggjande. Fjord1 har hovudkontor i Florø og Norled har sitt i Stavanger.

– Det styret og administrasjonen har gjort i denne fasen, er å halde seg til om dette er eit rett strategisk grep å ta. Det er vi veldig samde om, og difor har vi teikna ein intensjonsavtale, seier Neteland.

Partane har ønskje om å gjennomføre neste steg i prosessen raskt.

– Vi har sett 25. juni som ein D-dag, seier Neteland.

To administrasjonar skal bli éin

Viss ein kjem til konklusjonen om ein fusjon, må to administrasjonar verte til éin. Det vil truleg få konsekvensar for dei som i dag jobbar på land i selskapa.

– Dei to selskapa til saman har godt over 2.000 personar på sjøen, og det er der aktiviteten skjer. Så er vi knappe 200 i administrative stillingar. Det er to administrasjonar som skal bli éin. Det er ein del av effekten ved å lage eitt stort selskap, seier Neteland.