Hopp til innhold

Ser du kva som manglar her?

– Rekkverk har vore for lite prioritert, seier Arnstein Menes (Sp).

Fv 610

I EITT MED VATNET: Her går fylkesveg 610 mellom Viksdalen og Sande nesten rett i vatnet.

Foto: Magnar Hellebust

Arnstein Menes

ARNSTEIN MENES: – Når staten overførte vegar tilbake til fylket i 2010, auka vi budsjettet for drift og vedlikehald ganske kraftig, seier Menes.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Det siste året har fylkeskommunen brukt 15 millionar kroner på rekkverk.

Tidlegare leiar i samferdsleutvalet i Sogn og Fjordane, Arnstein Menes (Sp) seier at fylkeskommunen har vore oppteken av trafikktrygging, men at det er mange ulike tryggingstiltak som ein må prioritere mellom.

– Vi har mange område som skal ha pengar, men rekkverk har vore for lite prioritert, seier tidlegare leiar i samferdsleutvalet i fylket, seier Arnstein Menes (Sp).

Meir pengar, meir rekkverk

I førre veke omkom eit ungt kjærastepar etter å ha køyrt utfor vegen og hamna i fjorden i Selje. Vegvesenet meiner moderne rekkverk kunne ha stoppa ulukkesbilen.

Sogn og Fjordane har om lag 85 kilometer veg med rekkverk som er under ein halv meter høgt. Det er også kilometer med fylkesvegar utan korkje støypekant eller rekkverk.

Menes peiker på at trafikktrygging ikkje berre handlar om rekkverk, men også om gang- og sykkelvegar, vegdekke og mykje anna.

Kor dei konkrete sikringstiltaka skal setjast er det ikkje fylkeskommunen, men Statens vegvesen som bestemmer.

Magna Vangsnes

MAGNA VANGSNES: – Vi vel dei verste plassane først.

Foto: Eli Eikenæs Vengen (MMS-foto)

Vegvesenet prioriterer sikring av veg etter kor dei finn størst behov og mest trafikk.

– Hadde vi hatt ein større sum til rekkverk, kunne vi sett opp fleire rekkverk, seier Magna Vangsnes i Statens vegvesen.

Nye vegar er sikra med rekkverk på 90 centimeter. Dei eldre vegane, derimot, manglar tilstrekkeleg sikring. Dei er det mange av - og det kan gå langt tid før noko blir gjort med problemet.

Ulukker kan skje over alt

På Fylkesveg 610 mellom Viksdalen og Sande, er det nokre strekk der ein i vår fjerna skog for å betre sikta. Fv 610 er smal og svingete, og vegen er ein nasjonal turistveg.

Magnar Hellebust frå Viksdalen meiner at der skogen i dag er heilt vekke, går vegen og vatnet i eitt. Det er rett og slett vanskeleg å sjå kor ein skal køyre, og Hellebust er redd det kan skje stygge ulukker på vegen.

SMAL OG SVINGETE

SMAL OG SVINGETE: Det er ikkje mange meterane mellom veg og vatn.

Foto: Magnar Hellebust

– Det fartar jo folk på alle vegane i fylket. Uhellet er jo like alvorleg om det skjer på ein veg med liten eller stor trafikk, seier han.

Hellebust trur at uhell på dei dårlegaste fylkesvegane kan skje uansett om ein køyrer varsamt.

Må køyre etter tilhøva

– Det er viktig at folk køyrer etter tilhøva. Men om uhellet først er ute, kan gode rekkverk forhindre at ein køyrer ut av vegen, seier Audun Heggestad i Trygg Trafikk.

Audun Heggestad

TRYGG TRAFIKK: Heggestad meiner at folk må køyre etter tilhøva, uansett om vegane manglar rekkverk.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Han oppmodar folk om å køyre ekstra forsiktig på glatte fylkesvegar.

– Det har etter kvart vore mange utforkøyringsulukker i Sogn og Fjordane. Folk må køyre etter tilhøva, og når det vert glatt og mørkt må ein passe ekstra på farten og ha gode dekk, seier han.

Heggestad trur at dei aller fleste køyrer med rett fart, men at nokre køyrer altfor fort og feilreknar kor knappe vegane i fylket faktisk er.