Hopp til innhold

Ser du kva som ikkje stemmer her?

– Eg har ikkje gjort noko anna enn å le i heile dag, seier kvinna bak blinkskotet.

Parkeringstrøbbel i Førde

BOM FAST: Dette synet møtte Ann Elisabeth Whitehead då ho tidlegare i dag var på leit etter parkeringsplass bak Handelshuset i Førde.

Foto: Ann Elisabeth Whitehead / NRK

Ann Elisabeth Whitehead og familien var på handletur i Førde då dei oppdaga at noko ikkje var som det skulle på parkeringsplassen bak Handelshuset.

Ei rekkje bilar var nemleg fullstendig innesperra av andre handlande som hadde parkert både foran og bak. Ein betongkloss i enden av rekkja, som eigentleg skal vere ei rettesnor for bilistane, gjorde ikkje situasjonen betre.

– Då eg såg det måtte eg berre ta eit bilete, seier Whitehead.

Det gjorde ho og like etter var biletet lagt ut på Facebook. Responsen lét ikkje vente på seg.

– Eg opplever det som komisk at dei ikkje har oppdaga at dei har sperra nokon inne. Men eg er opptatt av å ikkje henge ut nokon. For det er ikkje godt å seie kven som kom først og sist, seier Whitehead.

Så altfor stor medkjensle med dei som fekk helgekosen ufrivillig utsett har ho derimot ikkje.

– Det er faktisk enkelt å finne ut kven som eig bilane. Det er berre å søke opp nummerskilta og ta ein telefon. Men viss dei ikkje veit om det, så kan eg godt forstå at frustrasjonen var stor.

Etter at handlerunden var over tok ho seg ein tur bortom for å sjå om ting hadde betra seg. Det hadde det ikkje.

– Det sat ein kar og venta på bilen framfor skulle flytte seg. Det vart litt fekting med nevane og høglydte diskusjonar då vedkomande dukka opp, fortel Whitehead.