NRK Meny
Normal

Ser du alle ansikta i fjellet?

Han tykte han hadde teke eit bra landskapsbilete. Men det var først då han kom heim og studerte biletet nærare han såg alle «fjesa» i fjellsida over Sværen i Balestrand.

Sværefjorden med fjes i fjellsida

MANGE FJES: I fjellsida fann Schaathun sjølv fleire portrett, folk som har sett biletet på Facebook har hjelpt til med endå fleire tolkingar.

Foto: Inge Olav Schaathun

Inge Olav Schaathun frå Balestrand la biletet ut på Facebook, og der vekte det oppsikt. Mange studerte teikningane snøen og lyset hadde laga i fjellet over Sværen, og tolkingane var svært fantasifulle.

– Det er heilt utruleg, det har teke heilt av. Eg såg at motivet var spesielt, men eg fekk ikkje med meg alle figurane før eg tok til å studere biletet, seier Schaathun.

Inge Olav Schaathun

SPESIELT: Inge Olav Schaathun måtte studere bilete han tok av Sværen lenge før han såg alle figurane.

Foto: Privat

Og då fann han det eine portrettet etter det andre.

– Det første eg la merke til var den sovande mannen midt i biletet. Så dukka det opp ei løve med tornekrans litt lenger inne. Ved sida av den sovande mannen var det og ein figur som kunne tolkast som ein mammut. Heilt ytst var John F. Kennedy.

– Veldig imponert

Han seier han ikkje vil dra tolkingane for langt.

– For då kan folk ta til å lure på kva som går føre seg oppe i hovudet mitt.

Men etter at han la biletet ut på Facebook har det strøymt inn med endå fleire tolkingar.

– Nokon har sett det same som eg, men andre har sett atskillig fleire fjes, eg er veldig imponert. Eg forstår godt at folk hadde respekt og kunne vere redde ute i naturen før. Ser ein slike figurar ein halvmørk morgon eller kveld så kan ein ta til å tenke.

– Frå gamle folkeeventyr

HER ER NOKRE FÅ AV DEI MANGE FORSLAGA PÅ FACEBOOK:

Berit: F.v.: Scar fra Løvenes konge. Så kommer tre ukjente menn på rekke. Bak den lengst til høyre titter Henrik Ibsen frem.

Anne Grethe: Det første jeg får øye på er løvehodet i bakgrunnen og så den rundkinnede lille skolegutten foran. Et par gamle gubber mellom der, syvende far i huset? Enkelt å forstå hvor gamle folkeeventyr stammer fra.

Ronny: Øvst i høgre hjørne: Kan det vere Falkor frå The NeverEnding Story? Under Falkor, ser vi der Storeblink frå filmane om Elias?

Inger-Johanne: Fem ... nei 6 gamle ærverdige menn i samtale ... mens dei skuer ut over verden i dag ... ein smule bekymra ... og betenkte.

Ikkje sett figurar før

Schaathun har ikkje høyrt om at folk har sett desse figurane i fjellsida tidlegare.

– Nei, eg har faktisk ikkje det. For mange år sidan køyrde eg bussruta innover der, men eg har ikkje lagt merke til noko tidlegare, og eg har snakka med andre som heller ikkje har merka noko, så det må vere noko med lystilhøva.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast