NRK Meny
Normal

Denne kloakktransporten gjekk skitdårleg

Septikbilen fekk sleng på hengaren på riksveg 5 ved Naustdal. Så gjekk det gale.

Kloakk på riksveg 5

HAMNA OPP NED: Hengaren har fått sleng, og kontaineren med kloakk kvelva på riksveg 5 i Naustdal.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Uhellet mellom Førde og Naustdal vart meldt i 0830-tida onsdag morgon.

På ein dag der fall av kram snø har ført til store trafikale utfordringar i Sogn og Fjordane.

– Det er ein septikbil med hengar, som fekk sleng og containeren på hengaren kvelva. Den sperrar vegbana og det har leke ut ein god del septik frå tanken. Luka er no stengd, opplyser Synnøve Domben ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Klokka 14.30 var brannvesenet ferdige med å spyle vegbana på riksveg 5 etter uhellet med septikbilen. Vegen er no open for fri ferdsle.

(Artikkelen held fram under videoen)

Ein god del kloakk rann utover riksveg 5 då septikbilen fekk sleng og kvelva hengaren ved Naustdal.

SJÅ: Video frå trafikkuhellet i Naustdal.

Fløymde utover

Vegen vart delvis stengd etter uhellet, og småbilane vart slusa gjennom Naustdal sentrum, medan tungtrafikken vart dirigert forbi ulukkesstaden.

Tralla på septikbilen etter velt

VELTA AV: Septikbilen kom for langt ut i kanten og containeren på hengaren velta av.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Ingen personar vart skadde i uhellet og både brann og politi er på staden. Tanken var halvfull med septik, og mellom åtte og ti kubikk rann ut og la seg i grøfta og vegbana.

Arild Tistel ved Førde bilberging meiner det skal vere ein grei jobb å få rydda staden, men understrekar at det vil ta tid.

– Vi har ringt etter kranbil som skal snu hengaren som ligg opp ned i vegbana og fått tak i ny bil som skal ta med seg containeren. Hengaren veg knapt fem tonn, så det går raskt å snu når kranen er på plass. Containeren er kring ti tonn, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Losna og velta

VELTA: Kontaineren losna frå hengaren og velta, slik at mellom åtte og ti kubikk kloakk rann ut i vegbana.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Køyrde på «drit»

Torbjørn Thue

GLATT: Skadestadsleiar Torbjørn Thue ber folk køyre med varsemd, då det er glatt fleire stadar i fylket i dag.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Skadestadsleiar, Torbjørn Thue, seier vogntoget har kome for langt ut i vegkanten før den fekk sleng.

Septikbilen var på veg i retning Førde og Sunnfjord Miljøverk sitt anlegg med avskilt slam. Eller på godt norsk «drit». Ingenting av lasta har hamna i elva som renn forbi.

– Han har truleg hatt litt høg fart på staden. Det er mykje slaps på vegbana og det snøar tett. Så vidt ut for kanten fått sleng, så har kassen som er full av avskilt slam lagt seg, seier Thue.

– Køyr roleg

Bjørn Berge

SPYLE VEGBANA: Bjørn Berge frå Førde brannvesen fortel at vegen må spylast nøye før riksvegen kan opnast for fri ferdsle.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

10–15 brannmenn frå Førde og Naustdal, samt to frå politiet, er på staden. Kloakken er skuffa ut av vegbana, men ifølgje NRK sin reporter på staden er synet verken særskilt innbydande eller godluktande.

– No ventar vi på ein ny container som kan ta det som har rent ut. Det er ei tørr og ganske fin masse som har rent ut. Det kan fort gå eit par timar til før vi er ferdige, seier Bjørn Berge hos brannvesenet.

Trafikken blir dirigert manuelt, før vegen blir stengd att for spyling.

– Folk må tilpasse farten og køyre roleg, seier Thue.

Laster kart, vennligst vent...

KVELVA: Tankbilen var på veg i retning Førde då uhellet skjedde ved Naustdal.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.