Hopp til innhold

Straumen var borte i fleire minutt

Midt under fem operasjonar forsvann straumen på kirurgisk avdeling ved Førde sentralsjukehus. Først etter fleire minutt kopla naudstraumen seg inn.

Sentralsjukehuset i Førde.
Foto: Oddleif Løset / NRK

For andre gong på eit halvår mista Førde sentralsjukehus straumen.

Gløymde innstillingane

På føremiddagen 7. januar pågjekk fem planlagde påerasjonar då eit straumbrot brått sette lys og instrument ut av funksjon skriv Sogn Avis tysdag.

– Normalt skal generatorar kople inn etter 5-10 sekund, skriv oversjukepleiar Helge Eide i ein rapport til Helsetilsynet i Sogn og Fjordane.

Ved servicearbeid i slutten av desember, vart det justert på oppstartfasen for generatorane i samband med testar. Desse innstillingane vart ikkje tilbakeført. Feilen oppdaga ein først etter straumbrotet...

Helsetilsynet: – Alvorleg

Helsetilsynet sin sakshandsamar er lite imponert.

– Det var også straumbrot på sentralsjukehuset i august 2009 og det vart i etterkant sett i verk fleire tiltak for at dette ikkje skulle skje igjen. Vi ser derfor alvorleg på hendinga der det på nytt oppstod straumbrot i januar 2010, skriv sakshandsamar Beate Tollefsen i eit notat til fylkeslege Petter Øgar, referert i Sogn Avis.

Etter det andre straumbrotet er det sett i verk ekstra kontrollrutinar i samband med testing av naudaggregata.

Skjer neppe igjen

– Vi vurderer derfor at sjansen for at tilsvarande skal skje igjen er liten, konkluderer Helsetilsynet.

Helse Førde vurdrer nå å investere i heilt nye naudaggregat.