Hopp til innhold

Sentralsjukehuset slit med støtta

Underskriftsaksjonen for sentralsjukehuset i Førde ser ikkje ut til å verte nokon stor suksess.

- Vi hadde håpa at fleire skulle skrive seg på listene, seier medlem i aksjonskomiteen for sentralsjukehuset, Hilde Yndestad Halland.

Om tre dagar skal underskriftene hentast inn, og Yndestad Halland er ikkje nøgd med antal underskrifter.  

- Vi har eit inntrykk av at veldig mange er samde og drøftar saka, men det er ikkje fullt så mange som har skrive seg på listene. Det er dei vi no oppmodar om å hive seg rundt og skrive seg på i løpet av helga, seier ho.