Hopp til innhold

Sentralsjukehuset rotnar på rot

Førde Sentralsjukehus er i ferd med å rotne på rot på grunn av tilsettingstopp, seier fleire eldre legar på sjukehuset.

Førde sentralsjukehus
Foto: NRK

Dei seier at tilsettingsstoppen hindrar nødvendig rekruttering.

Kjell Haaland er avdelingssjef på revmatologisk avdeling, og han er fortvila over at dei ikkje får lyse ut stillingar som assistentlegar.

- Stoppar av seg sjølv

- Viss vi ikkje får lov å tilsette assistentlegar som startar si utdanning hjå oss ut frå den stillingsstrukturen vi alt har så kjem vi ikkje vidare. Då stoppar det opp av seg sjølv.

Det seier 58-åringen, som saman med mange av sine godt vaksne kollegaer møtte opp på debattmøtet om framtida til Førde Sentralsjukehus tysdag kveld.

Dei måtte bere inn ekstra stolar. For mange ville høyre direktør for medisinsk gruppe ved Akershus Universitetssjukehus, Bjørn Magne Eggen, fortelje kva utfordringar sjukehusa står framfor.

- Aldri har det gått fortare

Han sa at aldri har utviklinga gått raskare. Pasientane blir meir krevande. Men også dei tilsette stilller høgare krav, noko som gjer rekruttering stadig vanskelegare.

- Endringane kjem til å kome. Kravet om topp kvalifiserte spesialistar  døgnet rundt, året rundt, kjem til å kome anten vi vil eller ikkje. Det andre er at vi må ha eit så stort pasientvolum at vi kan forsvare å oppretthalde dei vaktordningane som dette krev.

Tida renn ut

Men det var fyrst då ordstyraren opna for kommentarar frå salen at problemet med rekruttering vart tydeleg. Ein etter ein tok godt vaksne legar ordet og bekymra seg over rekrutteringssituasjonen. For legar som Kjell Haaland ser no at tida er i ferd med å renne ut for å få lært opp sine arvtakarar før dei sjølve går av med pensjon.

- På den avdelinga eg er på er vi to overlegar, og begge kom tidleg på 80-talet. Det kom ein tredje overlege på 80-talet som no er pensjonert. Om ganske få år er vi begge ute, og vi er avhengige av å rekruttere inn nye folk, og dei må vi rekruttere heilt frå studentnivå, frå turnuslegar og assistentlegar. Tek vi ikkje til no, har vi eit kjempeproblem om få år.

- Andre krav

Også overlege på kvinneklinikken, 62 år gamle Bjørg Ladehaug, er bekymra.

- Det er heilt essensielt for fleire avdelingar at mange av oss som dreg sleden både med å gjere dagleg arbeid og med å lære opp dei som skal kome etter oss går av med pensjon om maksimum ti år. Det tek seks-sju år å lære opp ein spesialist, så dei underordna vi ikkje får tak i no rekk ikkje å bli ferdige spesialistar før vi gamle går av.

Ho seier Helse Førde no må ta på alvor at den nye generasjonen legar er kvinner med heilt andre krav til fritid enn den førre generasjonen.

- Det inneber at det må vere gode arbeidsordningar for at vi skal få den neste generasjonen inn, og det må bli fleire stillingar enn det er no.

- Berre eitt sjukehus

Torgeir Finjord, som er ein av dei yngre legane på sentralsjukehuset, seier at skal Helse Førde klare å møte utfordringa med rekruttering, så må det byggjast sterkare fagmiljø. Han meiner det i så fall berre er plass til eitt sjukehus i Sogn og Fjordane.

- Etter mi meining må helsestrukturen basere seg på faglege beslutningar. Mykje av helsedebatten no går på kjensler og omsynet til distriktsarbeidsplassar, men vi er nøydde til å bestemme oss ut frå faglege vurderingar. 

Må ty til tilsettingsstopp

Administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde stadfestar problemet med etterveksten av legar. Han seier dette er eit problem i heile helsevesenet her i fylket, men seier at med innsparingskravet på 70 millionar kroner hengande over seg så må dei ty til tiltak som tilsettingstopp. 

- Når vi har ein situasjon med så store økonomiske utfordringar, og 70 prosent av utgiftene er løn, så er det ikkje tvil om at når kravet om innsparing står fast så må  personalområdet verte skadelidande.