Arbeidet med å slå saman avdelingar skal først gjennomførast ved Førde sentralsjukehuset. Samstundes slår styret fast at nærsjukehuset i Florø og den forsterka fødestova i Lærdal får leve.
Thorsnes ser for seg at ein berre ved å slå saman avdelingar ved Sentralsjukehuset kan kutte kring 50 senger utan store konsekvensar.
- Mykje å spare
- Det mykje å spare inn ved Førde sentralsjukehus. Det seier tillitsvaldsrepresentant i Helse Førde-styret, Anne June Iversen. Iversen meiner det er overmodent å slå saman avdelingar på sentralsjukehuset. - Vi har ein økonomisk utfordring, og det gjeld heile helseføretaket. Eg meiner vi kan slå saman ein del småavdelingar ved sentralsjukehuset, og dette vil ikkje få konsekvensar for pasientane, seier Iversen.
Fredar føden og Florø
Tore Thorsnes
Styreleiaren vil ikkje utfordre helseministeren, og slår fast at den nye sjukehusmodellen i Flora og den utvida fødestova i Lærdal får leve.
Styret i helseføretaket har vore samla på Nordfjordeid i dag for å drøfte kuttforslaga ved sjukehusa i fylket. Forslaget dempar krisa i Lærdal og Eid, sjølv om innsparingane både når det gjeld kroner og senger er dei same i dette forslaget.
Thorsnes er oppteken av å køyre prosessen i rett rekkefølgje. – Det er heilt feil på dette tidspunktet å fremje konkrete framlegg om kvar ein skal skjere ned, seier styreleiaren.
Kutt ved alle sjukehusa
Men han slår fast at omorganisering og kutt skal skje ved alle sjukehusa i fylket. - Det er ingen av sjukehusa som er skjerma, vi går inn og ser på alle tre, seier Thorsnes.
Letta
Bente Øien Hauge i aksjonen "Forsvar Lærdal Sjukehus" er letta. - Det som er positivt er at Thorsnes presiserer prinsippet om likeverd i spesialisthelsetenesta, og at han startar nedtrappinga på sentralsjukehuset i Førde. Det eg saknar er at Helse Førde kunne ha involvert dei tilsette på grunnplanet litt meir når dei skal på kostnadsjakt, seier Øien Hauge.
Styret tok ikkje stilling til kva for funksjonar som skal vere ved det enkelte sjukehuset.