For Martha Kjøllesdal har stått i front i sjukehusstriden, som hovudtillitsvald for sjukepleiarane ved Nordfjord sjukehus. Etter at Helse Førde innførte sjukehusklinikkar på tvers av alle sjukehus i fylket, mista ho vervet til ein kandidat frå Førde. Reaksjonane er likevel sterkast mot det totale valresultatet. For alle dei sentrale verva gjekk til sjukepleiarar ved Sentralsjukehuset. Den øvste tillitsvalde jobbar her, det gjer også alle dei fire nye tillitsvalde for klinikkane.
Sterke reaksjonar
Ordninga har også vakt sterke reaksjonar blant sjukepleiarane ved Nordfjord sjukehus. Fleire skal ha vurdert utmelding frå Sjukepleiarforbundet. All frustrasjonen har ført til at Nordfjord sjukehus per idag ikkje har nokon tillitsvald i Sjukepleiarforbundet.
Beklagar sterkt
Kjøllesdal kan kanskje få eit mindre sentralt verv, som plasstillitsvald, nedst på rangstigen, under dei sentrale tillitsvalde frå Førde. Svein Hansen beklagar sterkt at Helse Førde si klinikkordning har fått slike følgjer.
Ordning med klinikkar
Grunnen til at valresultatet vart som det vart, er innføringa av klinikkar. Til dømes arbeider Marta Kjøllesdal no under kirurgisk klinikk. Den husar tilsette i alle sjukehusa i fylket. Sentralsjukehuset i Førde har flest sjukepleiarar, og flest medlemmer i Sjukepleiarforbundet. Dermed blir det nærast umogeleg for kandidatar frå lokalsjukehusa å få viktige tillitsverv. Andre helseføretak har ordna seg annleis for å sikre geografisk representasjon. Men styret i Sogn og Fjordane Sjukepleiarforbund, har godkjent ordninga Helse Førde har lagt opp til.
- Må stille kandidatar
- Det er uheldig at det ikkje er tillitsvalde frå lokalsjukehusa, men skulda ligg på dei sjølve som ikkje har stilt kandidatar. Det seier Oddgeir Lunde, fylkesleiar i Sjukepleiarforbundet.