Hopp til innhold

«Eg er veldig redd for språket vårt»

BALESTRAND (NRK): Nynorsk blir den store taparen viss fylka, kommunane og høgskulane på Vestlandet slår seg saman, seier senterungdom Tollak M. Kaldheim.

Tollak Mikal Kaldheim

FØREVARSLAR OM SPRÅKFARE: Tollak Mikal Kaldheim i Sogn og Fjordane Senterungdom.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg er skikkeleg redd for språket vårt – nynorsken, seier Tollak Mikal Kaldheim i Senterungdomen i Sogn og Fjordane.

Han trefte ei nerve blant dei 135 delegatane på fylkesårsmøtet i Senterpartiet i Balestrand, der mange er uroa for Regjeringa sitt arbeid med å slå saman kommunar, fylke og høgskular:

– Desse reformene svekkjer det språket me er så glade i, sa Kaldheim frå talarstolen.

– «Nøytralt språk» betyr bokmål

Kaldheim sin partifelle – fylkesordførar Jenny Følling – har allereie starta nabosamtalar, i tråd med Fylkestinget sitt vedtak. Møre og Romsdal har sagt at dei vil stå åleine. Men fer Nordmøre nordover, kan Sunnmøre gå sørover.

– Fylkestinget i Møre og Romsdal har allereie vurdert å gå over til nøytralt administrasjonsspråk. Dei kallar det nøytralt, men betyr i praksis bokmål. Det kan fort bli ein realitet òg i ein vestlandsregion. Får kjerneområdet til nynorsken nøytralt administrasjonsspråk, kven skal ta vare på språket vårt då? spurde Kaldheim.

Jenny Følling, Karen Marie Hjelmeseter, Liv Signe Navarsete

FEIRA MED VALSIGERKAKE: Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (t.h.) meiner nynorsk må vera eitt viktig element når fylkesordførar Jenny Følling (t.h.) drøftar samanslåing med nabofylka. Avtroppande fylkesleiar Karen Marie Hjelmeseter i midten.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Høgskuleotte

Kaldheim er tidlegare studentparlamentsleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) og har flagga kraftig motstand mot at HiSF skal fusjonera med andre høgskular.

– Skal me har ein levande nynorsk, må det òg brukast i akademia. I dag er HiSF og Høgskulen i Volda dei to store nynorskpådrivarane. Blir HiSF styrt frå Bergen, vil nynorskdelen bli lågare, seier Kaldheim.

Mållagsleiar inn i fylkesstyret

Mange gjekk på årsmøtetalarstolen og delte Kaldheim sin otte, blant dei stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete:

– Eg trur ikkje Bjørgvin vil ha nynorsk som administrasjonsspråk, like lite som ein fusjonert høgskule vil det. Og dette er eitt element som må vera med når me skal ta stilling til samanslåing.

Den tidlegare partileiaren var difor glad for at leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, frå Luster blei vald inn i fylkesstyret:

– Tennø vil vera ein viktig ressurs for å halda nynorskfana høgt og koma opp med tiltak når me ser følgjene av strukturendringane.

Marit Aakre Tennø

INN I SP-STYRET: Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, frå Luster er vald inn i fylkesstyret i Senterpartiet

Foto: Pressefoto / Noregs Mållag

Kav sogning i Bergen

Fylkesordførar Jenny Følling seier at nynorsk vil vera viktig i arbeidet hennar med regionreforma:

– Hordaland har nynorsk som fylkeskommunalt administrasjonsspråk i dag, og med ein fylkesordførar som snakkar kav sogning (Anne Gine Hestetun frå Årdal, journ.merk.), er eg ikkje redd for sørfylket, men i Møre og Romsdal og Rogaland er det mykje bokmål.

– Kor høgt oppe på forhandlingspunktlista di vil nynorsk stå?

– Me har ikkje kome dit enno. Men sidan nynorsk er viktig for identiteten vår, må det stå høgt oppe viss me kjem skikkeleg i gang med samtalane, seier Følling.