Hopp til innhold

Senterpartiet vedgår løftebrot

Leiar i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Erling Sande (Sp) vedgår at løftebrot om grøne sertifikat til småkraftverk.

Erling Sande i SP

Erling Sande vedgår løftebrot frå Senterpartiet. Skulda gjev han Arbeidarpartiet og SV.

Foto: Scanpix

Skulda gjev stortingspolitikaren dei raudgrøne regjeringskollegaene.

- Som det ofte er, når ein forhandlar med andre parti, så vinn ein ikkje fram 100 prosent. Vi er nøgde med det vi har nådd fram med; grøne sertifikat, overgangsordning og tilbakevirkande kraft for nokre anlegg. Vi skulle gjerne ynskje gjennomslag fullt ut slik at fleire av småkraftverka var med i denne ordninga, vedgår Sande.

- Klar lovnad

Partiet har gjentekne gonger lova at 150 småkrafteigarar som starta opp frå 1 januar i 2004 skulle få såkalla grøne sertifikat. Det ville bety eit påslag på mellom 15 og 20 øre per kwh. For Meierifossen Kraftverk i Jølster, ville det bety ein million kroner i årleg inntekt.

No har regjeringa bestemt at dei, og mange med dei, ikkje får vere med i ordninga . På Jølster kjenner dei fem eigarane av kraftverket seg fullstendig svikta av regjeringa.

- Det er beklageleg. Vi bygde under den føresetnad at vi kom med i den sertifikatordninga. Dette var ein klar lovnad frå politikarane, seier Leon Årdal.

Aldri opplevd liknande

Ordninga skal vere på plass frå 2012. Stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel, meiner det er eit svært alvorleg løftebrot.

I dag var saka oppe i Stortinget, men allereie før møtet var det klart at opposisjonen ville bli nedstemt med eit krav om at 150 småkraftverk likevel skal vere med.

Bjørn Lødemel

Bjørn Lødemel (H) meiner regjeringa opptrer umoralsk.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- Eg har vore politikar i mange år, men trur aldri eg har opplevd liknande løftebrot, seier Lødemel.

- Umoralsk

Fleire småkraftprodusentar skal ifølgje småkraftforeininga vere truga av konkurs som følgje av at dei har investert fleire titals millionar i kraftverk, utan å kome med i ordninga. Lødemel meiner regjeringa opptrer umoralsk.

- Dette handlar om moral, det handlar om etikk og det handlar faktisk om folkeskikk. Det raudgrøne politikarar gjer i denne saka her, bryt alt dette, seier han.

- Kva kan vi tru på?

Eigarane bak Meierifossen Kraftverk tok omsyn til lovnaden frå Senterpartiet i kalkylane sine då dei bygde kraftverket.

- Det er eit gedigent løftebrot frå politikarane si side. Når dei ikkje held slike lovnader, kva kan vi i det heile tatt tru på då, undrar Årdal og viser til at det vil koste kvar husstand mellom 100 og 200 kroner i året om småkraftverka får bli med i ordninga.

Kan gløyme overskot

No handlar det om å tene nok pengar på kraftverket til å halde banken frå livet. Noko særleg overskot kan ein berre gløyme på årevis. At politikarane kranglar om kven som har skulda, gjer ikkje tilliten til politikarane det slag betre.

- Den er på lag lik null. Det må eg seie, vedgår Årdal.