Hopp til innhold

Senterpartiet tilbake til normalen

Etter fleire skyhøge målingar, er Senterpartiet på veg nedover i viktige distriktsfylke. Meiningsmålingane kan tyde på at partiet nærmar seg normalen igjen.

liv Signe Navarsete

PÅ VEG NED IGJEN: Senterpartiet er på veg nedover igjen på meiningsmålingane. I Liv Signe Navarsete sitt heimfylke er tilbakegangen på meir enn sju prosentpoeng.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Val

– Det vi ser no er at Senterpartiet går frå ein periode med nesten ekstreme målingar i nokre fylke, til målingar som nærmar seg normaltilstanden, seier jussprofessor og talknusar Johan Giertsen.

Ved sidan av jobben som jussprofessor på Universitetet i Bergen, jobbar Giertsen med nettsida pollofpolls.no. Her samlar han gjennomsnittet av ulike meiningsmålingar og analyserer bakgrunnstala.

Giertsen meiner Senterpartiet sin nedgang er ein ganske tydeleg trend i innspurten før valet.

– Det er ein av dei mest spennande tendensane no i innspurten. Sp går tilbake i fylke som Sogn og Fjordane, Nordland og Troms etter å ha hatt veldig gode målingar der.

I Sogn og Fjordane har partiet hatt målingar opp på 34,1 prosent i august, men i ei fersk måling i dag får dei 26,4 prosent. I Nordland har Sp hatt fleire målingar på 20-talet, men på ei fersk måling er dei nede på 17,5. I Troms har dei gått frå fleire målingar rundt 16 prosent, til 13,2 prosent på ei måling i dag.

Johan Giertsen

SPENNANDE: Johan Giertsen tykkjer utviklinga rundt Senterpartiet er svært spennande

Foto: NRK Brennpunkt

– I Senterpartiet har vi beina på bakken.

Senterpartiet sin førstekandidat i Sogn og Fjordane, Liv Signe Navarsete, tek nedgangen på 7,1 prosentpoeng på NRK si måling med ro.

– Dette er ei skikkeleg påminning om at vi må stå løpet ut. Vi har godt av ei slik påminning, for det er fort å tenkje at ting går av seg sjølv når vi har historisk gode målingar slik vi har hatt, seier Navarsete.

Navarsete trur litt av forklaring ligg i at det er dei to største partia som har dominert innspurten i valkampen.

– Høgre og Arbeidarpartiet har teke mykje plass, utan at det har vore diskutert så mykje konkret politikk. Det har vore mykje snakk om meiningsmålingar, og nedgangen til Jonas.

– Det er no det er alvor

Senterpartiet er eit parti som ofte går fram i tida rett før eit val, men Giertsen forklarer at i år ser det ut til å vere det motsette som skjer.

– Dei har nok vore overmobilisert på målingane ei stund no. Dei har tatt veljarar frå alle parti, men det er no det er alvor. Det er no folk bestemmer seg, og no ser dei ut til å gå litt tilbake.

– Vil framleis vere ein valvinnar

Johan Giertsen trur framleis Senterpartiet kjem til å gjere eit godt val, sjølv om dei no går litt ned på målingane.

– Hugs at Senterpartiet har vore unormalt høgt oppe på målingane i sommar. Eg trur framleis dei kjem til å vere ein av vinnarane på valnatta.