Hopp til innhold

Grasrota i landets største Sp-kommune er lei skandalane

Armband, ulovleg pengestøtte og rekneskapsrot: 2010 har vore alt anna enn eit godt år for Senterpartiet og leiar Liv Signe Navarsete.

Video Turbulent år for Sp

SJÅ TV-REPORTASJE: Turbulent år for Senterpartiet.

Liv Signe Navarsete - armband

STARTEN: Dette armbanden, gitt som dåpsgåve ved det dåverande Aker-verftet i Florø vart opptakten til den tøffe Sp-hausten.

Foto: Scanpix

Det har kort og godt vore eit svært vanskeleg år for partiet som no blir etterforska av Økokrim for ulovleg partistøtte.

– Eg tykkjer det er trasig

I Sp-bastionen Gloppen har velgjarane vore trufaste til partiet sitt. Men i kommunen der Sogn og Fjordane Senterparti har kontor, der ordføraren kjem frå Sp, og der til og med lokalavisa Firda Tidend er eigd av partiet, har veljarane no kome i alvorleg tvil om dei vil stemme på partiet ved neste val.

– Eg tykkjer det har vore ein trasig periode. Politikk har med tillit å gjere, og den er ganske svekt, seier pensjonert gardbrukar og mangeårig Sp-medlem Reiel Felde.

Landbruket står sterkt i Gloppen, Norges største Senterparti-kommune, der oppslutnaden er på nærare 50 prosent. Men turbulensen siste tida rokkar ved grunnfjellet i partiet.

Problemsakene står i kø

Reiel Felde

HAR FÅTT NOK: Sp-veteran Reiel Felde er lei av skandalesakene.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Det byrja med eit gullarmband i sommar. Partileiar Navarsete hadde motteke ei ulovleg gåve. Så stilte opposisjonen mistillitsforslag mot Terje Riis Johansen etter utsetjinga av den såkalla månelandinga, Co2-reinsinga på Mongstad.

I haust vart Sp anklaga for å ha motteke ulovleg partistøtte frå Eidsiva Energi og Troms Kraft. Det enda i politietterforsking og ei intens høyring i Stortinget sin kontroll og konstitusjonskomité.

Dråpen...

Og om ikkje det var nok, Finanstilsynet har funne alvorlege feil i Senterpartiet sitt årsrekneskap. For 69 år gamle Reiel Felde var det dråpen som fekk begeret til å flyte over.

– Det kjem ei sak på bordet, så går det over. Og så kjem det ei ny sak. Eg ville ha rydda i alle skap og fått ut alt – og fått på plass ei ny leiing i partiet, fastslår partiveteranen.

For han vil landbruket alltid vere hjartesaka, men Senterpartiet kan fort bli byta ut på neste stemmeseddel.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Byrkjelo

SP-LAND: Jordbruksbygda Byrkjelo i Gloppen. Her ligg landets største meieri og det er tett mellom senterpartisympatisørane. Men fleire er komne i tvil.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Navarsete: – Tida vil vise

Partileiar og komunnal- og regionalminister Liv Signe Navarsete vedgår at partiet har hatt betre tider.

Liv Signe Navarsete

- DØM OSS PÅ POLITIKKEN: ...er Liv Signe Navarsete si bøn.

Foto: NRK

– Tillit må byggast. No blir saka grundig gjennomgått av Økokrim. Det tykkjer eg eigentleg er veldig greitt, for med alt det fokuset dette har fått er det greit å få kartlagt alt dette frå botnen av. Så får tida vise om vi skal dømmast etter denne saka eller om vi skal dømmast etter det vi utrettar i norsk politikk, seier partileiaren.

Usemje på gata

Så spørs det kva veljarane gjer. På gata i Sp-bastionen Gloppen er folk usikre på korleis partibråket vil påverke neste val.

– Det er jo dette styret som har vore med Navarsete. Det kan spele ei rolle, trur Ola Allmenning.

Utan for eit kjøpesenter i kommunesenteret Sandane har Roar Henden ei anna oppfatning.

– Dette er ein sterk senterpartikommune og vi held oss først og fremst til lokalpolitikken.

Trur veljarane vegar seg

Andre er likevel i sterk tvil om dei vil gi Senterpartiet fornya tillit.

– Eg har tidlegare stemt senterpartiet, men no har eg vore i tvil om eg skal halde fram med det, seier Sigurd Netland.

Og nokre kilometer unna, i fjøset på Byrkjelo ser Reiel Felde dyster på neste års val.

– Politiske parti har mange sympatisørar som ikkje er medlemmer, men som stemmer på dei med val. Dei trur eg vegrar seg denne gongen.