Hopp til innhold

Senterpartiet seier nei til KrF

Senterpartiet avviser frieriet frå KrF-leiar Knut Arild Hareide om å samarbeide i ei borgarleg regjering.

Knut M. Olsen

NEI: Knut M. Olsen har ingen planer om å samarbeide med KrF og eitt av dei borgarlege partia etter haustens stortingsval.

– Det er hyggjeleg at Knut Arild Hareide ser behovet for eit sterkt Sp i kvar og ein regjering. Mend det er urovekkjande at KrF er så ukritiske til å støtte Høgre og Frp, seier generalsekretær Knut M. Olsen til Nationen.

Gamalt vennskap

Invitasjonen om å pusse støv av gamalt vennskap frå hausten av vart retta gjennom eit intervju med NTB tidlegare i dag.

Partileiar Knut Arild Hareide snakka varmt om ei ny samling i sentrum.

– KrF har sagt at vi skal gjere det som må til for å få eit regjeringsskifte, og har peika på at eit samarbeid med Høgre og Venstre er det mest realistiske. Men det har vore i respekt for Senterpartiet er ein del av eit anna alternativ, sa Hareide til NTB.

Blankt nei

KrF-leiaren meiner å sjå teikn til sprekkdanning i det raudgrøne regjeringssamarbeidet og har liten tru på at regjeringspartia får fornya tillit etter valet i 2013.

Olsen viser til Sp sine kjernesaker og er uroa for både matproduksjonen og den langsiktige naturforvaltninga og kommunestrukturen ved ei borgarleg regjering. Han avviser overfor Nationen eitkvart samarbeid med dei borgarlege partia.

– Eg håpar han (Hareide, red. anm.) kjem på betre tankar og droppar Høgre og Frp etter kvart som vi nærmar oss dette viktige regjeringsvalet i 2013, seier Olsen.