Hopp til innhold

Senterpartiet med brakval i Sogn og Fjordane

FØRDE (NRK): Senterpartiet har levert tidenes Stortingsval i Sogn og Fjordane. – Ei tillitserklæring, jublar Liv Signe Navarsete.

Steinar Ness og Liv Signe Navarsete

KAN SMILE: Liv Signe Navarsete kan smile heile vegen til Løvebakken. Senterpartiet har gjort eit brakval i Sogn og Fjordane. Førebels ser ho ikkje ut til å få følgje av partikollega Steinar Ness.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Medan regjeringspartia Høgre og Frp begge går tilbake med høvesvis 0,3 og 0,8 prosentpoeng, har Senterpartiet gått fram med 9,2 prosentpoeng til 29,9 prosent oppslutnad.

Det er stoda ved midnatt når 95,2 prosent av røystene er talde opp i Sogn og Fjordane.

Ingrid Heggø

INNE: Ingrid Heggø (Ap) kan juble for fire nye år på Stortinget.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

– Uansett er dette eit fantastisk resultat. Landar vi her eller over 30 prosent så skal vi sprette champagnen, strålar Navarsete.

Tidenes Stortingsval

Frå valresultata byrja å tikke inn etter klokka 21, har Senterpartiet vunne kommune for kommune i Sogn og Fjordane. I fleire kommunar har framgangen vore tosifra prosentpoeng.

Totalt sett har Senterpartiet gjort sitt beste Stortingsval nokosinne i Sogn og Fjordane. I 1993 fekk partiet både Jorunn Ringstad og Håkon Steinar Giil på tinget etter 28,8 prosent oppslutnad.

Lise-May Sæle og Frida Melvær

INNE: Lise-May Sæle og Frida Melvær (H) kan juble over at Sogn og Fjordane Høgre blir representert på Stortinget også kommande periode.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

– Det er ei fantastisk tillitserklæring. Vi opplever stor tillit frå alle kommunar. Det må vi tolke som at vi har vore tydelege i vår politikk og at dei ynskjer vår påverknad i politikken, seier Navarsete.

Sikra fire nye år

Høgresida har kritisert Senterpartiet for å svartmåle dagens politikk. Det avviser Navarsete på det sterkaste.

– Det er ingen som har så stor tru på Sogn og Fjordane som det vi har. Vi har trua på at Sogn og Fjordane har kraft til å utvikle seg på eigen kjøl. Den retorikken frå Høgre-sida om at vi svartmålar er bomskot, seier ho.

Tore Storehaug

USIKKER: Tore Storehaug (KrF) veksla på å vere inne og ute på Stortinget.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Med eit sterkt val i Sogn og Fjordane er Navarsete sikra fire nye år på Stortinget. Det ser derimot ikkje ut som om Steinar Ness slår følgje.

Truleg ikkje regjeringsskifte

Ingrid Heggø (Ap) og Frida Melvær (H) er klare for fire år på Stortinget. Utjamningsmandatet har i heile kveld veksla mellom Tore Storehaug (KrF) og Sveinung Rotevatn (V).

Sveinung Rotevatn

USIKKER: Sveinung Rotevatn (V) veksla på å vere inne og ute på Stortinget.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Einaste skår i gleda for Senterpartiet denne valkvelden, er at dei blåblå ser ut til å halde fram med makta, med Erna Solberg (H) som statsminister. Men, det er svært jamt.

– Vi hadde, og har eit sterkt ynskje om å få Jonas Gahr Støre og at vi skulle fått ei raudgrøn regjering. Uansett skal vi leve med dette resultatet, men alt håp er ikkje ute. Det er framleis mange røysters som skal teljast, sa Navarsete i 22-tida.

Partioppslutning i Sogn og Fjordane

Med endring i prosentpoeng fra stortingsvalget 2013

RESULTAT100 % opptaltOppdatert 06.10.2017, kl. 13:04

RRødt

1,3
+0,6

SVSosialistisk Venstreparti

4,5
+1,1

APArbeiderpartiet

24,6
−3,5

SPSenterpartiet

29,7
+9,1

MDGMiljøpartiet De Grønne

2,3
+0,6

KRFKristelig Folkeparti

4,3
−3,8

VVenstre

4,1
−2,3

HHøyre

18,6
−0,4

FRPFremskrittspartiet

9,9
−0,9

ANDREAndre

0,8
−0,1