Hopp til innhold

Senterpartiet får ordføraren i Vik

VIK (NRK): Etter forhandlingar mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet er det no klart at den nye ordføraren i Vik er Olav Turvoll (Sp). Roy Egil Stadheim (Ap) blir varaordførar.

Vil ha tunnelen på plass

NYE SJEFAR: For ordførar Olav Turvoll (til høgre) og varaordførar Roy Egil Stadheim, var det naturleg at partia deira skulle halde fram samarbeidet i Vik.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Vallogo

– Det kjennest litt godt ut, men det er eit stort ansvar då, så det kjem nok til å krevje sin mann. Eg skal prøve å gjere alt eg kan for at vi skal få ei god framtid for heile Vik kommune, seier Turvoll.

Trass i at Senterpartiet ikkje var det største partiet i Vik hadde dei desidert størst framgang med 7,8 prosentpoeng. Arbeidarpartiet vart størst med 35,2 prosent over Senterpartiet med sine 29,9 prosent.

Held fram samarbeidet

Partia har tradisjonelt samarbeidd godt i Vik, og truleg er det dette langvarige samarbeidet som har vore med på å sikre Senterpartiet ordførarjobben.

– Vi har hatt samarbeid før og har på ein måte støtta Arbeidarpartiet med ordførar. Vi har hatt andre moglegheiter og det hadde vi no og, men vi var mest interessert i å ha eit samarbeid med Arbeidarpartiet, seier Turvoll.

Det var knytt stor spenning til kven som skulle vinne kommunevalet i Vik etter at Marta Finden Halset valde å ikkje ta attval for Arbeidarpartiet. Delegasjonar frå dei to største partia har vore i forhandlingar på kommunehuset i Vik onsdag kveld. Etter klokka 20.00 var forhandlingane over.

– No skal det seiast at vi har jobba ei god stund med dette, og sjølvsagt var det ordførarjobben vi ville ha, men det er som Olav seier. Vi har hatt eit godt samarbeid med Senterpartiet i fleire år og det vil vi sjølvsagt ikkje øydelegge og difor var dette konklusjonen denne gongen, seier varaordførar Roy Egil Stadheim (Ap).

Vil prøve å redusere eigedomsskatten

Stadheim tok over som førstekandidat i Arbeidarpartiet etter Finden Halset. Stadheim er samd med Turvoll i at samarbeidet ikkje kunne vore betre andre stader.

– Difor går vi til det steget at vi tek varaordføraren desse fire åra. Vi trur og meiner at dette blir bra.

Dei to partia har også drøfta politisk strategi i grove trekk. Kommunen slit framleis med store etterslep på investeringar og vedlikehald etter Terra-skandalen. Ap og Sp har begge sagt at dei vil redusere eigedomsskatten. Kor fort det vil skje er dei usikre på.

– Det kjem an på økonomien kombinert med dei sakene vi vil fronte. Vi kan ikkje late det gå utover viktig drift, seier Turvoll.