Hopp til innhold

Senterkvinnene støttar Liv Signe

- Liv Signe Navarsete er ein engasjert og tydeleg leiar som vi har full tillit til. Det seier Bjørg Bergheim, leiar for Senterkvinnene i Norge. Ho meiner Navarsete blir utsett for ekstra hard kritikk, fordi ho er kvinne.

Bjørg Bergheim
Foto: Pressefoto

Bjørg Bergheim kjenner Liv Signe Navarsete godt både frå politisk arbeid i Sogn og Fjordane og etter at Navarsete vart statsråd. No meiner ho at kritikken mot partileiaren har fått voldsomme dimensjonar, og meiner den er urettferdig.

Kvinnelege leiarar får hardare medfart

Senterkvinneleiaren har følgd debatten rundt Navarsete dei siste dagane, og kjenner ikkje igjen det bilete som blir teikna av ein leiar med eit ustyrleg temperament.

Liv Signe Navarsete

KRITISERT: Liv Signe Navarsete har fått hard kritikk for sin leiarstil

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Eg har full tillit til Liv Signe som partileiar og eg har berre positive erfaringar med hennar leiarstil. Ho er tydeleg, og ein leiar som er inkluderande og høyrer på det andre seier.

Bergheim stiller og spørsmål ved kvifor denne saka har teke heilt av både i media og internt i partiet, og lurer på om det same ville skjedd med ein mannleg partileiar.

Ja, trur du kvinnelege leiarar har lettare for å bli kritiserte dersom dei er tydelege og kanskje litt hissige?

- Ja det trur eg faktisk.

Men kan ein oppføre seg slik mot ein ung politikar?

- Eg kan ikkje uttale meg om det som skjedde, men meiner slike ting bør takast internt i partiet.

Dei siste dagane har det storma rundt Navareste fordi ho skal ha skjelt ut leiaren for Senterungdomen, Sandra Borch, under eit folkemøte i Troms. Navarsete har beklaga ordbruken, men vil ikkje seie noko av saka før dei to skal ha eit oppklarinsgmøte måndag.

Tidlegare partitopp Simen Bjørgen rettar i Nationen hard kritikk mot Navarsete, og seier han mista lysta til å jobbe for partiet grunna Navarsete sin leiarstil.

– Liv Signe Navarsete har skjelt meg ut fleire gonger i sentralstyret i samband med utspel eg har hatt. Det skaper ikkje akkurat engasjement for å bidra i partiet, seier Bjørgen til avisa.

Stortingsrepresentant Jenny Klinge frå Møre og Romsdal, leiaren i Nord-Trøndelag Sp, og fylkesleiaren i Akershus og Nord-Trøndelag ber alle Sp-leiaren om å komme med ei ny beklaging.

Liv Signe er ingen hissigpropp

Per Olaf Lundteigen

STØTTAR LIV SIGNE: SP-veteran Per Olaf Lundteigen meiner kritikken mot Navarsete er ein del av eit politisk spel.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Men Liv Signe Navarsete får også støtte frå andre i partiet. Den framtredande SP-veteranen Per Olaf Lundteigen, tek no partileiaren i forsvar.

– Liv Signe Navarsete er eit følelsemeneske, som mange av oss andre, men det som kjem fram no er eit utrykk for politisk usemje innad i partiet.

Lundteigen seier dette er ein form for politikk, som han ikkje er tilhengar av, og meiner det er mykje viktigare å diskuterer kva politiske saker Senterpartiet skal satse på framover.

Navarsete har sjølv ikkje ville kommentert kritikken mot henne dei siste dagane.

Tysdag er det kalla inn til sentralstyremøte i Senterpartiet, der også Sandra Borch er medlem. Ho seier det møtet vil avgjere om ho har tillit til Navarsete som partileiar.