Hopp til innhold

Senter skal hjelpe innvandrarar

Eit nytt prosjekt i Sogndal skal inkludere innvandrarar betre i lokalsamfunnet. Det nye senteret skal bli ein møteplass for folk med ulik kulturell bakgrunn.

Prosjektleiar, Leif Egil Kalstad, meiner prosjektet er viktig.

- Det er eit senter for innvandrarar som har fått opphaldsløyve. Oppgåva vår er å få desse ut i jobb og ut i lokalsamfunnet, seier han.

Fjøra Intro

Det er Sogndal kommune og Frelsesarmeen som står bak prosjektet. Senteret som har fått namnet Fjøra Intro, har også fått støtte frå Utlendingsdirektoratet. Men trass i at senteret i fyrste rekkje er for innvandrarar, er målet også å engasjere resten av bygda.

- Vi håper at lokalbefolkninga i Sogndal brukar dette senteret som ein møteplass og eit kontaktpunkt mot innvandrarane, seier han.

- Viktig senter

Kalstad meiner fleire kommunar må ta initiativ til slike prosjekt.

- Det er viktig med eit slikt senter. Det å komme framand til eit land og ikkje kunne språket og ha eit kontaktnett rundt seg er vanskeleg, seier han.

Har vore sakna

Jan Ingar Nordheim er flyktningekonsulent i Sogndal kommune. Dagleg møter han innvandrarar i jobben sin. Han seier dette senteret er noko dei har sakna.

- Vi ser fram til å vere med på utforme dette senteret. Vi håper at dette kan vere ein møteplass som dei kan dra nytte av, seier han.

Nordheim håpar det nye senteret kan supplere tilboda som eksisterer i dag. 

- Det er spesielt den første tida det er viktig å ha eit tilbod. Vi håper at dei som allereie er busette og som har eit nettverk, vil vere viktige bidragsytarar, seier Nordheim.