NRK Meny
Normal

Sensasjonsfunn gir unik kunnskap

Dei første kartfunna frå Kongevegen over Filefjell vart sett på som utrulege. At den andre halvdelen skulle bli funne var i alle fall heilt utenkjeleg – fram til no.

Gamle kart frå Kongevegen over Filefjell

DUKKA UVENTA OPP: Dette er ein del av karta som vart funne i førre veke. Dei syner korleis Kongevegen, mellom fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Hordaland og Bergen, såg ut i 1825.

Foto: Jan Adriansen

Historia startar eigentleg to år tilbake. Då leitte dei etter illustrasjonar til kulturminneskilta som vert sett opp langs den første, og lenge viktigaste, vegen mellom Oslo og Bergen – Kongevegen.

– Det enda med at vi på mystisk vis fann masse handteikna kart frå 1819, som synte Kongevegen frå Oslo og heilt opp til Stiftsstøtta ved fylkesgrensa mellom Oppland og Sogn og Fjordane, altså den gamle stiftsgrensa, fortel Jan Adriansen, som er arkeolog i Statens vegvesen og prosjektleiar for Kongevegen over Filefjell.

Kongevegen

DEN VAKRASTE VEGEN: Kongevegen mellom Lærdal i Sogn og Vang i Oppland blei i januar 2015 er kåra til Norges vakraste veg, saman med Skjarvelandet på Haøysundvegen i Finmark.

Foto: Statens vegvesen: Sverre Hjørnevik

Eit usannsynleg funn

Ifølgje Adriansen vart det på Nasjonalbiblioteket sagt at dette kanskje var den største kartskatten som er funnen i Norge i dei seinare åra.

– På den tida var det ikkje så veldig mange innlandsvegar som vart kartlagt. Det var kysten som telte då.

For dei som har engasjert seg i Kongevegen var karta teikna av Kaptein J.C. Reichborn, eit sensasjonelt funn. Men hoppar vi fram til notida, for berre ei veke sidan, skulle det bli endå meir sensasjonelt. Adriansen og Geir Paulsrud, tidlegare direktør ved Norsk Vegmuseum, trudde knapt sine eigne auge då dei besøkte Riksarkivet i Oslo.

Kart frå Kongevegen funne i 2014

KART FRÅ 1819: Her ser vi noko av karta som vart funne i 2014, av Kongevegen mellom stiftsstøtta på Filefjell ved fylkesgrensa, og Oslo.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Vi skulle sjå om vi kunne finne gamle skriv og spennande ting til Kongevegen. Då dukka det opp nokre nye kart, handteikna frå 1825. Dei viste seg vere fortsetjinga av dei karta vi fann to år tidlegare. Desse gjekk frå stiftsstøtta og heilt ned til Bergen.

– Vi såg det som ein sensasjon då vi fann den første halvdelen. At den andre halvdelen skulle dukke opp, det var jo heilt utenkjeleg, seier Adriansen.

Skal prege vegen

Eit komplett kart gir tilgang til unik kunnskap, særleg fordi det etter 1825 vart gjort store omleggingar på vegen. Dermed syner karta korleis vegen originalt såg ut.

Jan Adriansen

SPENNANDE: Jan Adriansen har funne skatten over alle skattar. Her er han under bygginga av ei autentisk bru på Kongevegen i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Karta ligg framleis på Riksarkivet, og fotograf er bestilt for å ta få digitale kopiar for at dei kan bli studert meir nøye.

Karta skal mellom anna brukast som ein viktig del av mykje anna historisk materiale som er funne om vegen, både til vidare forsking, men også bøker, og skilt langs vegen. Adriansen ser også føre seg ei utstilling. For han er dette som å finne skatten over alle skattar.

– Det er gull verdt. Det er litt av fasiten til det vi jobbar med. No kan vi sjå om det vi tenkte var rett. Og når vi set alle puslespelbitane saman så blir det å vandre på Kongevegen i dag mykje meir enn å vandre på ein veg. Du kan gå inn i historia rett og slett.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.