Hopp til innhold

For to år sidan var det glissent i treningssalen – no er det trongt om plassen blant seniorane

Talet på pensjonistar har auka med femti prosent på femti år. Det merkast hos treningssentera.

Auke i aktivitetstilbod for eldre

SJÅ VIDEO: Treningssentera melder om veldig auke i talet på pensjonistar. (FOTO/REDIGERING: ARNE STUBHAUG/MAY-HELEN ROLFSNES/STEINAR LOTE/NRK)

Pensjonistane gjer seg klare for den fjerde seniortrimmen denne veka. For to år sidan hadde dei ein, nesten tom seniortime. No er nesten kvar time fullbooka.

Senterleiar Kent Roger Endal ved Spenst Førde seier interessa har eksplodert siste året.

– Det vart for lite med ein time. Seniorane ville ha meir aktivitet og vart veldig mange. Då måtte vi auke tilbodet, seier han.

– Sosialt

Marloes Vos

AKTIV: Marloes Vos veit å halde seg i aktivitet som pensjonist.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Marloes Vos er ein av pensjonistane som likar å bruke fleire timar i veka på å trimme både kropp og hovud.

– Du held muskulaturen mjuk og det er bra for balansetreninga, seier ho. I tillegg til fysisk trening, deltek ho også på datakurs for seniorar.

– Det er veldig positivt og sosialt. Du kjem deg ut og møter andre folk, seier Vos.

Stiller større krav

Rådgjevar i pensjonistforbundet, Tone Bye, har forska på aktivitetstilbod for eldre i Noreg, og kan bekrefte auken.

– Organisasjonar og lokale politikarar jobbar for ein auke i aktivitetstilbodet, men det er dei eldre sjølv som tar mest initiativ, fortel Bye.

– I 2060 er kvar femte innbyggjar over 75 år, og det stiller krav til eit større aktivitetstilbod, blant anna for å jobbe mot einsemda som mange eldre får, seier Bye.

Aukar i takt

Leiar i pensjonistforeininga, Per Kjelstad

KRAVSTORE: Ulike interesser gjer eldre meir kravstore enn før. Difor kjem tilbodet truleg til å bli enno meir utvida, ifølgje Kjelstad.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

Leiar i pensjonistforbundet Sogn og Fjordane, Per Kjelstad, er ein av dei som jobbar for økonomisk støtte til aktivitetane. Han trur at talet på tilbod truleg aukar saman med talet på pensjonistar i landet.

Ein annan faktor som spelar inn på aukande tilbod er større bevisstheit rundt eiga helse.

– I tillegg treng mange å motverke einsemda som kan vere eit problem når ein kjem opp i åra, seier Kjelstad.

Vil ikkje stogge

Kjelstad i pensjonistforbundet fortel at det er meir krevjande å lage aktivitetar som alle kan trivast med enn det var tidlegare.

– Dei yngre pensjonistane har lært seg til det moderne samfunnet på ein anna måte, og stiller større krav. Det set igjen krav til at pensjonistforbundet følg med i tida.

Kjelstad trur at auken i aktivitetstilbod for eldre ikkje kjem til å stoppe med det fyrste.

– I tettstadene her i fylket held det på å skje ei lagdeling. Grunna ulike interesser byrjar ein å sjå at det trengst eit større spenn av aktivitetar.