NRK Meny
Normal

Seniorane svikta og ungdomen imponerte på baneskytinga på Landsskyttarstemnet

Det blir mest truleg ingen frå Sogn og Fjordane på kongelaget på årets Landsskyttarstemne. Men ungdomen frå fylket har imponert.

Magnus E. Bøthun

SKAL PÅ SKIVE 1: Magnus E. Bøthun frå Sogndal skal skyta på skive 1 i finalen i rekruttklassen torsdag.

Foto: Jørn Njøs

– Eg må vel seia det at skyttarane frå fylket har skuffa litt. Det er ingen som ligg an til å koma på kongelaget, seier Jørn Njøs, skyttarkommentator og generell allvitar om skyting i Sogn og Fjordane.

Årets landsskyttarstemne blir arrangert i Sandnes, og før veka vart skote i gang, var det fleire frå Sogn og Fjordane som hadde ambisjonar om å koma seg med på kongelaget.

Han spådde på førehand at ein måtte ha 246 poeng for å koma på kongelaget i år, og så langt ser det ut til at han har treft bra med spådomen.

– Og det er ingen frå fylket som ser ut til å klara det no, seier han.

12-åring frå Sogndal best i klassa

Men der seniorane har svikta, har rekruttane teke steget opp og fram. Magnus E. Bøthun (12) frå Sogndal skaut 250 poeng av 250 moglege, og hadde heile 21 innertiarar av 25 moglege.

– Ungdomane våre kan me absolutt skryta av. I klasse rekrutt er det faktisk fem frå fylket som er blant dei 27 beste i heile landet før finalen. Det er utruleg bra.

Finalen går av stabelen i morgon, og Bøthun ligg mest truleg på skive nummer 1.

– Det er nok det beste eg har gjort, så langt i alle fall. Eg er veldig nøgd med resultatet, seier 12-åringen.

Han byrja å skyte for fem år sidan. No har han teke steget opp blant dei aler beste i si aldersgruppe.

– Det blir nok litt nervar av å liggja på skive 1, men det er ikkje sikkert at eg skal det endå. Eg trur ikkje det er så mange som kan skyta betre, men det er ikkje umogleg, seier han.

Rekruttfinalen går av stabelen klokka 16 torsdag.

Kan få gull i skogsløp

Sogn og Fjordane har også ein annan gullfavoritt onsdag kveld. Ole Martin Erdal frå Førde startar først i Norgesmeisterskapen i skogsløp med skyting i kveld.

– Dei skal hengja i dei som skal prøva å følgja han, seier Njøs.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.