Både fagfolk og andre har protestert - Argjend er nemleg autist, og treng svært mykje oppfølging.
- Bruk hovudet
Det er lov å bruke hovudet. Det er SV sin Stortingsrepresentant Heidi Grande Røys si klare oppmoding til styresmaktene. Grande Røys, meiner opplysningane frå fagfolk tilseier at den tre år gamle funksjonshemma Argjend og familien hans bør få opphald på humanitært grunnlag.
Familien Aliu. Alle foto: Randi Indrebø.
Avslag
Familien Aliu har fått avslag på asylsøknaden og står no i fare for å bli sende attende til Kosovo. I alle høve tilseier dei spesielle omstenda at guten og famillien bør få bli landet til klagesaka er handsama, seier Grande Røys.