Hopp til innhold

Sendt til sjukehus etter slåstkamp

Ein mann i 30-åra enda kvelden på sjukehus etter ein slåstkamp i Florø. Politiet hadde litt av kvart dei måtte hanskast med natt til laurdag.

Politi, politiet

TRAVEL NATT I KYSTBYEN: I Florø rykka politiet ut fleire gonger natt til laurdag.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

To personar barka saman under ein fest i Florø. Det enda med at eine mannen i 30-åra blei sendt til legevakt for sjekk, og vidare til sjukehus i Førde med ambulanse.

Nær ein time seinare måtte politiet på ny rykke ut i Florø. Ein utestad trengde hjelp til å fjerne ein rusa og kverulerande gjest i 30-åra. Politiet køyrde mannen heim.

Kvelden enda ikkje der. Kl. 01.05 fekk politiet melding om ordensuro ved ein bensinstasjon i kystbyen. Det heile løyste seg etter at politiet rykka ut og snakka med dei involverte på staden.

Laster Twitter-innhold

Vandra i tunnel

Det var ikkje berre i Sunnfjord det var styr for politiet i natt. Kl. 02.02 kom det melding om ein kvinneleg fotgjengar inne i ein mørk tunnel. Politiet måtte følgje kvinna ut av tunnelen.

Politiet hadde laserkontroll i både Lærdal og Årdal. I Årdal fekk ein bilist forenkla førelegg målt til ein fart på 101 km/t i 80-sone.