Ulukka skjedde i 1330-tida onsdag. Ambulanse, luftambulanse og kommunelege rykte ut til staden. Helse Førde melde på Twitter at mannen fekk amputasjonsskade.
– Mannen har fått ein skade på handa og i fingrar, seier operasjonsleiar Kai Henning Myklebust ved Vest politidistrikt i Florø.
Mannen vart sendt til Rikshospitalet med luftambulansen. Tilstanden skal vere stabil. Politiet vil følgje opp ulukka.