Fekk alvorlege brotskadar i kollisjon på Jølster

Føraren av kranbilen som tysdag kveld krasja i Jølster, ligg alvorleg skadd på Haukeland.

Mobilkran og hengar på vogntog i kollisjon på E39 i Jølster

SKADD: Føraren av mobilkranen vart først sendt til Førde sentralsjukehus etter trafikkulukka like nord for Skei i Jølster.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det opplyser sjukehuset i ei pressemelding.

Den 22 år gamle føraren av kranbilen sat fastklemd etter ulukka. NRK tysdag kveld opplyst at han vart frakta til sjukehus i Førde med brotskadar. Seinare vart han altså send vidare til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

Ulukka skjedde i 19-tida på E39 ved Håheim, på eit smalt parti eitt par kilometer nord for Skei.

Skadestadsleiar for politiet, Torbjørn Thue, kunne tysdag kveld ikkje seie noko om hendingsgangen, men stadfesta at fronten på eit møtande vogntog trefte hytta på kranbilen.

Stamvegen gjennom fylket var lenge heilt stengd som følgje av ulukka. Kranbilen vart først frakta vekk natt til torsdag.