NRK Meny
Normal

Orkan ved Stad – blåste ut vindauge i Måløy

I natt bles det orkan ved Stad då vinden var på sitt sterkaste natt til måndag. I Måløy knuste vinden eit vindauge i eit industribygg.

Kraftig vind

OBS-VARSEL: Meteorologane varsla om rafting vind sundag kveld og natt til måndag.

Foto: Skjermdump

– Vi har førebels fått melding om at eit vindauge er teke av vinden og at Måløybrua har vore stengd ein periode, opplyser operasjonsleiar Olaug Holme ved Vest Politidistrikt til NRK tidleg måndag morgon.

Kraftige vindkast

Det er statsmeteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Martin Granerød, som fortel at stasjonen deira har registrert orkan ved Stad.

Også andre stader i fylket har det blåse godt. Då er det særleg vindkasta som har herja med 30 meter per sekund fleire stader, fortel han til NRK måndag morgon.

Vinden har løya

Vinden har no løya, og Granerød opplyser at det ikkje skal verte så ille utover dagen.

Vinden har minka til vestleg frisk bris utsette stader, og i føremiddag vil vinden dreie til sørvestleg retning. Då vil den auke igjen til liten kuling ved Stad.

Elles vert det skiftande skydekke med sjansar for å sjå gløtt av sol. Det vert regnbyer med snø over 700–900 meter. I kveld vert vinden skiftande, og då er det regn frå sør som er i vente.

Tropisk storm på veg

Tysdag er det venta at vinden vil auke igjen i samband med at vi vil merke restane av ein tropisk storm.

Vi vil ikkje merke noko meir til den enn regn og litt vind, men ikkje meir enn vi er vane med, seier Granerød.

– Rydd vekk lause gjenstandar

Søndag sende Meteorologisk institutt ut eit OBS-varsel med åtvaring om sterk vind. Sjølv om den kraftige vinden var venta å vere ganske kortvarig bad statsmeteorolog Anne Solveig Andersen folk søndag ettermiddag om å rydde vekk lause gjenstandar utanfor husa.

Anne Solveig Andersen

KRAFTIG VIND I VENTE: – Men det går fort over seier meteorolog Anne Solveig Andersen.

Foto: Marit Hommedal

– Eg ville til dømes ikkje hatt trampolinen ståande ute i hagen no. Det kan vere greitt å tenke over kva gjenstandar ein har som kan bli tatt av vinden, seier Andersen.

– Ein bør rett og slett ta seg ein tur ut å rydde vekk lause gjenstandar?

– Ja, det kan vere lurt. Det er ein viss uvisse i akkurat kor lågtrykka går, men vi sender ut OBS-varsel og auka overvaking for vi følger med på dette. Det kan gi ganske kraftig vind og er det betre å vere føre var, seier Andersen.

Kortvarig

– Dette vert kortvarig, og vinden snur ganske fort nordover. Når vi kjem ut på måndagen så har vindstyrken allereie gått ned, opplyste Andersen søndag til NRK.

Tidlegare har meteorologane meldt om at fleire lågtrykk står og ventar ute i havet. Desse ser likevel ikkje ut til å føre til like sterk vinde som det som kjem inn sundag kveld.

– Det ser ikkje ut til at dei nærast dagane kjem til å ha like mykje vind. Det er Storbritannia som vert råka av Ophelia, og den svekkjer seg mykje når den kjem lenger aust, sa Andersen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.