NRK Meny
Normal

Sender ut OBS-varsel for 14 fylke

Kraftig vind, vanskelege køyreforhold i fjellet, lokalt mykje nedbør og svært høg vasstand gjer til at Meteorologisk institutt sender ut OBS-varsel for 14 fylke.

Haglbyge og OBS-varsel Foto: Tore Kvalheim Redigering: Arne Stubhaug

HEFTIG BYGE: Tore Kvalheim fanga denne kraftige haglbyga på video i Måløy fredag.

– Vasstanden er den viktigaste. Laurdag blir den opp mot 85 centimeter over det som er oppgitt i tabellen over flod og fjøre, seier vakthavande statsmeteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Trond Thorsteinsson.

Det betyr med andre ord at vatnet kan komme 1,25 meter over vanleg nivå, noko som på dei rette stadane kan komme til å merkast godt.

– Det kan gjere store skadar, så det er viktig at folk brukar hovudet, seier Thorsteinsson.

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for fylka Rogaland og Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Trøndelag, Vest-Agder, Aust-Agder, telemark, Buskerud, Vestfold, Østfold, Oslo, Akershus og Oppland.

Regn og uvêr over Vestlandet

RUSKEVÊR: Det er meldt svært høg vasstand, mykje nedbør og vind i

Foto: skjermdump yr.no

Fare for torevêr

– Det blir haustleg vêr i helga med mykje vind og regnbyer. Over 600–800 meter kjem nedbøren som snø, og fredag er det fare for torevêr, seier Thorsteinsson.

Fredag er det venta kraftig vind i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, og det er venta vanskelege køyreforhold i fjellet på Vestlandet. Sør for Stad på Vestlandet er det venta lokalt mykje nedbør.

Fredag og laurdag ventar ein høg vasstand på kyststrekninga Egersund-Rørvik.

Springflo i Måløy 13. november 2015

SPRINGFLO: Slik såg det ut i Måløy fredag ettermiddag.

Foto: NRK-tipsar

Blæs godt i høgfjellet

For reisande som har tenkt seg over ein av dei mange høgfjellsovergangane i landet, kan det vere lurt å vere godt budd.

– Køyreforholda vert ikkje kjempegode, for å seie det slik. Det blir snøbyer i kombinasjon med mykje vind både fredag og laurdag, seier Thorsteinsson.

Fredag ligg vinden på sørvest stiv kuling, på Stad opp mot liten storm.

– Så guffar det på att litt i natt frå sørleg retning. Frå laurdag føremiddag vert det vestleg sterk kuling utsette stadar. I kombinasjon med snøforholda blir ikkje køyreforholda dei beste, seier Thorsteinsson.

Han er klar på at ein iallfall bør ha skodd seg rett.

– Her må ein ha vinterdekk. Elles kan ein like godt halde seg heime, seier Thorsteinsson.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.