Hopp til innhold

Sender skulenedlegging til fylkesmannen

Kommunestyret i Lærdal er usikre på eige vedtak om å legge ned Ljøsne skule er lovleg.

Ljøsne skule

UVISSE: Fylkesmannen skal vurdere om politikarane sitt vedtak om å leggje ned Ljøsne skule.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Politikarane har samrøystes bestemt seg for å sende nedleggingsvedtaket til fylkesmannen for lovlegheitskontroll, etter initiativ frå Gro Starheimsæter (Sp).

– Uvissa har nok auka kring lovlegheita på vedtaket vi sjølve har gjort, seier partikollega, og ordførar, Jan Geir Solheim.

Vil vere heilt sikre

Jan Geir Solheim

VANSKELEG: Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) meiner saka om Ljøsne skule ikkje er enkel. – Det er av dei verste sakene vi har hatt. Det å leggje ned skule er ikkje enkelt, seier han.

Foto: Magnus Gamlem/NRK

Det var eit knapt fleirtal som i oktober gjekk inn for å leggje ned skulen med nær 50 elevar. Men i den reviderte samfunnsdelen av kommuneplanen har det kome fram opplysningar som påverkar borna sterkare enn politikarane først trudde.

Medan ni mot åtte røysta for å legge ned skulen frå skuleåret 2017-2018, røysta alle 17 kommunestyremedlem for å sende vedtaket til lovlegkontroll.

– Det seier at vi er samde om at eit slikt vedtak må vere heilt rett. Om det er feil, så hadde det ikkje vore lett å leve med for nokon, seier Solheim.

Glede i Ljøsne

– Det er veldig viktig for oss at det blir vurdert av høgare myndigheit som kan jussen i dette. Det vart også sagt frå opposisjonen, og eigentleg frå alle gruppeleiarar i debatten, legg ordføraren til.

– Betyr dette vedtaket at fleirtalet innser at ein har gjort feil?

– Nei, men det seier at dei vil vere heilt sikre på at det dei gjorde var rett. Men dei må nesten snakke for seg sjølve. Eg er veldig glad for at vi fekk eit samrøystes kommunestyre. For det er usikkert om det er greitt.

Sjølv om det er høgst usikkert korleis fylkesmannen vurderer nedlegginga, trur Solheim at innbyggjarane på Ljøsne er veldig nøgde med vedtaket i dag.