Hopp til innhold

Sender Røde Kors til fjells

Røde Kors i Aurland rykker ut etter observasjonar av lys i fjellsida nord for Brekkefossen. – Det er observert lys oppi fjellsida ein plass der det ikkje skal vera sti. Vi veit ikkje om dei treng hjelp, men sender folk for å vera på den sikre sida, seier operasjonsleiar ved operasjonssentralen i Florø, Trond Hatlenes.