Ni gutar på femtenårslaget til Vik og trenaren deira fekk ei ufrivillig overnatting på grunn av uveret i helga. Gutane hadde spelt kampar på Stadlandet og i Eid, og vunne begge kampane. Då dei skulle heim var alle vegar stengde, og løysinga vart å leggje seg inn på hotell i Vadheim.
Sender rekninga til Skogsholm
Då laget reiste vidare neste dag hadde dei med seg ei rekning på 5425 kroner i bagasjen. Leiar i handballgruppa i Vik IL, Bjørn Knudsen, meiner det berre er rett og rimelig at samferdsleminister Torild Skogsholm betalar hotellrekninga.