Hopp til innhold

Politikarane har fått ny moderne boltreplass

Politikarane har fått ein ny arena å vise seg fram på for folk. Forskarane meiner det er bra for demokratiet.

Anders Moen i Flora kommune direktesender frå bystyresalen

NÆRING TIL DEMOKRATIET: Direkteoverføring av bystyremøte og kommunestyretmøter er bra for demokratiet. I Flora har utviklingssjef Anders Moen ansvar for å strøyme sendingane frå bystyresalen.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Før måtte spesielt interesserte møte opp på rådhuset for å få med seg kva politikarane styrte på med. No innfører fleire og fleire kommunar streaming – direkte videooverføring av kommunestyremøte – som gjer at folk kan ligge heime på sofaen å følge møta.

I Flora kommune kan du både sjå møtet live, og sjå heile møtet eller enkeltsaker i opptak kva tid du vil.

Der du vil, når du vil

Utviklingssjef i Flora kommune, Anders Moen, er fornøgd med tilbodet dei gir innbyggjarane.

– Her kan alle gå inn og sjå når dei vil. Det er jo ikkje som har tid til å følgje eit heilt bystyremøte. Men her kan ein klikke seg inn på ei sak ein ønskjer å få med seg i etterkant av møtet ser vi på som svært viktig for lokaldemokratiet.

Og alt blir lagra slik at kven som helst kan sjå det på kommunen sine heimesider. Kostnaden med å gje demokratiet i Flora ein ny arena ligg på 90–100 tusen kroner, men driftsprisen ligg på 10–20 tusen i året.

Bergen kommune har hatt direkteoverføring frå bystyremøta i om lag eitt år. Frå før har Stryn og Aurland kommune strøyming. Fjaler kommune har innført eit slikt tilbod. Og ved førre kommunestyremøte i september starta og Hyllestad med strøyming, også dei, som Florø, med eit lagra arkiv slik at alle kan sjå møtet i etterkant.

– Eit viktig demokratisk tilbod

Forskar og førsteamanuensis ved universitetet i Bergen, Jakob Aars seier innføringa er eit viktig demokratisk tilbod.

– Det gir innbyggjarane ein mogelegheit til å sjå kva lokalpolitikarane gjer og kor aktive dei er i kommunestyret. På den måten så har dei også moglegheita til å auke kunnskapen om det arbeidet som går føre seg langs kommunestyremøtet. Dessutan er dette viktig for veljarane får ein auka mogelegheit til å halde lokalpolitikarane ansvarlege for politikken dei fører, eller dei ikkje fører.

Flora kommune hadde rundt 60 sjåarar på sitt møte i september. Hyllestad hadde total 60 personar innom sendinga, medan rundt 35 såg på samtidig over lengre tid. Veldig mange fleire enn dei som plar møte opp på rådhuset å sjå møtet. Uansett er det ikkje flest mogleg tilskodarar det viktigaste seier, Aars.

– Eg trur tilbodet er ein demokratisk styrke i seg sjølv. Eg trur neppe ein kan vente seg at innbyggjarane flokkar seg rundt skjermar for å sjå møta. Men det er viktig at tilbodet er der, særleg når saker er kontroversielle og konfliktfylte. Då trur eg dette kan vere eit viktig og nyttig tilbod til veljarane.

Skulebruksplanen gav sjåarar

Sogn og Fjordane fylkeskommune var ein av dei første fylkeskommunane i landet som starta med dette. Dei starta med streaming allereie i april 2011. Petter Stenstadvold er driftsansvarleg, og seier sjåartala går opp når temperaturen i salen går opp.

– Kontroversielle saker drar sjåarar. Skulebruksplanen i fjor var veldig populær og drog fleire hundre sjåarar og såg heile tida. Kontroversielle saker drar heilt klart sjåarar.

– Eg vil tru at neste år, dersom det blir slik at vi må kutte mykje i budsjetta, at det blir mange sjåarar då.