Hopp til innhold

Sender obs-varsel for ferieavslutninga

Det blir ei fuktig og vindfull avslutning på vinterferien i fylket. – Det kan vere greitt å halde seg heime eller inne på hytta, seier statsmeteorologen.

Vikafjellet

KAN BLI STENGT: Det kan bli store problem på Vikafjellet gjennom heile helga. Spesielt utsett er fredag kveld og delar av laurdagen.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

Allereie om få timar byrjar vinden å auke på. Frå i kveld er det venta liten storm langs kysten og i fjellet.

Meteorologisk institutt sende allereie i går ut obs-varsel for det som er på veg.

– Fredag kveld og natt til laurdag er det venta sørleg liten storm utsette stader. Det er venta vanskelege køyreforhold i fjellet på grunn av sterk vind og snø, seier statsmeteorolog Anna Reigstad.

Vikafjellet utsett

Vaktoperatør Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal seier Vikafjellet er spesielt utsett med dei prognosane som ligg føre. Her kan det bli problem allereie frå klokka 16.

– Prognosane ser eigentleg ikkje så ille ut, men ein ventar problem på Vikafjellet frå relativt tidleg i ettermiddag. Her blir det både vind og nedbør, så dei som skal over må reise tidleg i dag, seier han og legg til.

– I tillegg er det meldt mykje vind på Strynefjellet etter midnatt, men då er det ikkje særskilt mykje trafikk.

Fuktig helg

I tillegg kan det bli ei fuktig helg, fortel Reigstad.

Meteorolog Anna Reistad

METEOROLOG: Anna Reistad hos Meteorologisk institutt seier det kan bli krevjande køyreforhold i fjellet.

Foto: Privat

– Prognosane er ganske våte denne helga. Vi har to frontar som skal passere, så det blir både byer og samanhengande nedbør, seier ho. Nedbøren vil komme i form av regn i ytre strok.

– I indre og høgareliggande strok, kjem nedbøren som sludd eller snø, avsluttar Reigstad.