Hopp til innhold

Opprettar kriseteam for å ta seg av passasjerane

To alvorleg skadde etter bussulykka er frakta med luftambulanse til Haukeland, og tre lettare skadde til Førde sentralsjukehus. Nettbuss fraktar alle andre involverte til Sogndal hotell.

To bussar frontkolliderte ved Fardal i Sogn

TO OMKOM: To personar omkom då to bussar frontkolliderte ved Fardal i Sogn.

Foto: Christian Blom / NRK

– Vi har henta passasjerane frå bussen vår, og dei er frakta til Sogndal hotell og får oppfølgjing der. Vi er no på veg for å hente passasjerane frå turistbussen, for deretter å ta dei til Sogndal hotell, seier administrerande direktør Per Steinar Sviggum i Nettbuss Sogn Billag.

Han viser til at ein av deira lokale bussar er blant ulykkesbussane på riksveg 55 i Fardal i Sogndal.

Sjåføren skal vere i god form

Politiet fekk melding om ulykka klokka 16:58. To bussar frontkolliderte, og to personar omkom i ulykka. Klokka 18:40 opplyser AMK til NRK.no at to hardt skade blir frakta til Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Tre lettare skadde blir frakta til Førde sentralsjukehus.

Sju personar er frakta til Sogndal hotell. Fleire passasjerar er på veg, og totalt er det venta at 30 involverte personar blir samla på hotellet. Dei er råka, men ikkje fysisk skadde.

– Korleis er tilstanden til sjåføren frå Nettbuss?

– Det skal stå bra til med han. Han er utan fysisk skade, seier Sviggum.

(Artikkelen held fram under biletet).

Quality Sogndal Hotell med ambulansar

KRISESTAB PÅ HOTELL: Dei som ikkje vart skadde i bussulukka vart samla på Quality Sogndal Hotell.

Foto: Anders Veberg / NRK

Opprettar kriseteam i Sogndal

– Kva gjer Nettbuss vidare no?

– Det som er viktig for oss, er å følgje opp sjåføren som er innblanda i dette. Det samme gjeld dei passasjerane som har vore involverte, seier den administrerande direktøren.

Den andre ulykkesråka bussen skal vere ein turistbuss med passasjerar frå Taiwan.

(Artikkelen held fram under biletet).

Jarle Aarvoll

SETTE KRISETEAM: Ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Sogndal kommune haroppretta kriseteam på Sogndal Hotell. Ordførar Jarle Aarvoll seier at då han fekk meldinga om ulukka i 18-tida forstod han raskt at det var behov for å sette ei kriseleiing.

– I tillegg til dei som er skadde er det mange involverte som treng oppfølging. Vi har samla dei på Sogndal Hotell, der er det helsepersonell, både lege, helsesøster, sjukepleiarar og psykolog. Dei vil vere der utover natta, så lenge det er behov.

Unskjer pårørande velkomne

Aarvoll fortel at kommunen har lagt ut ei pressemelding, og at eventuelle pårørande er velkomne til Sogndal Hotell. Sjølve kriseleiinga vil halde til på kommunehuset.

Kommunen har og skaffa tolk til å ta seg av kommunikasjonen med dei taiwanske turistane. Ordføraren seier at ulukka har gjort sterkt inntrykk.

– All medkjensle og tankar til dei som er råka av ulukka og deira pårørande. Eg vil sjølv vere til stades og snakke med dei det gjeld.

Klokka 20 hadde alle dei norske involverte forlete hotellet og reist kvar til sitt.

Alvorleg skadde turistar

Ifølgje Sveriges Radio har Bussbolaget Bergkvarabuss, som eig den svenske bussen, stadfesta at ein ein av deira bussar er involvert.

Ifølgje busselskapet var det 22 passasjerar ombord på den svenske bussen.

– Det er asiatiske turistar som var på rundtur i Norge. Ingen svenskar, seier Mikael Andersson, trafikkleiar i Bergkvarabuss.

Overfor SVT seier Andersson at nokre av passasjerane deira skal vere alvorleg skadde.

Kollisjon mellom to bussar

TO HARDT SKADDE: Dei to hardt skadde etter bussulykka er frakta til Haukeland. Tre lettare skadde er på veg til sjukehuset i Førde.

Foto: Christian Blom / NRK