Hopp til innhold

Sende snap i 160 km/t – no må den unge bilisten i fengsel

Først sende mannen i 20-åra ein snap i 160 km/t, så køyrde han frå politiet. Snapchat-biletet var eit viktig bevis då den unge mannen blei dømd til 30 dagar i fengsel.

Sende snap i 160 km/t

UTAN FØRARKORT: Den unge mannen køyrde bil utan gyldig førarkort, og no må han klare seg i to år utan førarkort.

Foto: Politiet

Det var ein julidag i fjor at sunnfjordingen tok ein køyretur for å klarne tankane. Han var både lei og fortvila over ein vanskeleg livssituasjon, og sende ein Snapchat av speedometeret. Personen som fekk biletet blei svært bekymra og kontakta politiet.

– Det er straffeskjerpande at han sende bilete av speedometeret sitt, sa aktor Erling Melvær i retten.

Politiet stilte seg opp ved Grov på riksveg 5 i Flora kommune. Dei såg mannen køyre forbi i høg fart, og bestemte seg for å følge bilføraren utan blålys eller sirene. I retten seier politiet at dei hadde ein fart på mellom 150 til 160 km/t utan at dei klarte å ta igjen bilføraren. Mannen i 20-åra prøvde å gøyme seg på heimstaden, men politiet fann og arresterte han.

Meinte speedometeret viste feil

I Sogn og Fjordane tingrett erkjente sunnfjordingen seg skuldig, men meinte han ikkje kan ha køyrt så fort som 150 km/t. Sunnfjordingen sa at bilen var så gammal at speedometeret sannsynlegvis var feil, og at dekka på bilen var mindre enn dei originale.

Må i fengsel

Retten la spesielt vekt på snapbiletet som blei sendt då speedometeret viste 160 km/t, og kom fram til at han køyrde i minst 144 km/t.

Sunnfjordingen er dømd til 30 dagar i fengsel for fleire brot på vegtrafikklova, og til tap av førarkortet i to år.