Hopp til innhold

Forstod ikkje eitt ord av henleggelsbrev – politiet tek sjølvkritikk

Franske Valerie Louis forstod ikkje eitt ord då familien fekk brev om at saka etter den dramatiske brannen Gudvangatunnelen var lagt bort. Årsak? Brevet var på norsk.

Familien Louis

KRITISK: Familien Louis frå Frankrike får medhald frå politiet i at brev til dei råka av brannen i Gudvangatunnelen burde vore på eit anna språk enn norsk. – Å få informasjon er ein måte å finna ut kva som skjedde, kvifor det skjedde, og kva som blir gjort for at det ikkje skal skje igjen, seier Valerie Louis.

Foto: Privat

Mange av dei kring 70 råka personane har hatt eit stort behov for informasjon etter at eit vogntog byrja å brenne i Gudvangatunnelen 5. august i fjor.

Men då politiet skulle opplysa om at dei hadde lagt saka bort, sende dei ut eit brev på eit språk som dei mange råka utanlandske turistane ikkje forstod eit ord av: norsk.

– Vi kjende oss heilt hjelpelause, fordi brevet var på norsk, fortel Valerie Louis.

– Krevjande

I den 11,5 kilometer lange tunnelen kjempa den franske juristen, mannen hennar og dei to vaksne borna for liva sine den dramatiske augustdagen i fjor. I månadene etter tråla Louis nettet for å finna svar.

For frå politiet og anna offisielt norsk hald kom det lite informasjon, og det vesle som kom, var altså på norsk, som brevet frå politiet om at saka mot ein sikta polsk trailersjåfør var lagt bort .

– Det kanskje vanskeleg å forstå når du ikkje har vore oppi noko slikt, men sjølv om det er lange sidan, er det krevjande å gløyma det som skjedde i Gudvangatunnelen. Å få forklaring er ein måte å leggja det bak seg på og å koma seg vidare i livet, fortel Louis.

Forstår reaksjonen

Politiadvokat Jørn-Lasse Førde Refsnes

SAMD: Politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt er samd i kritikken frå Valerie Louis.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Politiet er ikkje pliktig å sende ut eit brev på utanlandsk språk til turistane som uforvarande hamna i tunnelbrannen.

Gjennom Klarspråk-satsinga har staten derimot som mål at informasjon frå det offentlege skal vere forståeleg for alle, og det er presisert at språket skal vere tilpassa brukaren.

– Eg har ingen problem med å forstå den reaksjonen, seier politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes om reaksjonen frå franske Louis.

– Burde vore omsett

I det elektroniske sakshandsamingssystemet til politiet er standarddokument berre på norsk, og desse breva blir sendt ut automatisk når det er teke avgjerd i ei sak.

Vogntog i brann i Gudvangatunnelen

VOGNTOG: Ein polsk vogntogsjåfør vart sikta etter brannen i Gudvangatunnelen, men saka vart lagt vekk.

Foto: Monika Blikås

Men ved alvorlege hendingar der utlendingar er råka, som i Gudvanga-brannen, burde politiet ha omsett, vedgår Førde Refsnes.

– Vi må erkjenne at det burde vi har gjort i den saka. Også fordi det var ei dramatisk sak der informasjonsbehovet var ganske stort. Det trur eg vi må ta sjølvkritikk på, seier han.

Betrar informasjonen

Verken Riksadvokaten eller Politidirektoratet har så langt kunne kommentere om det er aktuelt å endra det elektroniske sakshandsamingssystemet, slik at det òg kan ha standarddokument til dømes på engelsk.

Brann Gudvangatunnelen

INFERNO: Mange av kring 70 personar i tunnelen berga livet då dei tok seg gjennom eit hav av giftig røyk.

Foto: Eirik Hylland

Politijurist Førde Refsnes meiner slike endringar bør gjerast for å betre informasjonen til utlendingar.

– Det bur og kjem stadig fleire utlendingar til Norge. Det er klart det hadde vore ein stor fordel dersom ein til dømes kunne trykke i saksbehandlingssystemet at dette brevet skal gå på det og det språket, seier han.

– Viktig å få informasjon

Mange har fått seinskadar etter at dei brått vart sperra inne i giftig røyk og stummande mørke i Gudvangatunnelen i fjor. Nokre slit med klaustrofobi og angst.

Andre fekk tilbake astma eller hosta opp svarte klumpar med sot månader etter at dei gjekk fleire kilometer gjennom infernoet. Louis og familien er blant desse.

– Ingen døydde, så det kanskje ikkje lenger eit drama for norske styresmakter, men for oss er det framleis. Å få informasjon er ein måte å finna ut kva som skjedde, kvifor det skjedde, og kva som blir gjort for at det ikkje skal skje igjen, seier Louis.