NRK Meny
Normal

Sende fyrverkeri til himmels i gledesrus

SOGNDAL - KRISTIANSUND 4-3 (NRK): Det var elektrisk stemning då Sogndal feira opprykk og truleg serietittelen på Fosshaugane.

Fyrverkeri

– I Sogndal veit vi å feire når vi har vunne noko. Og forhåpentlegvis har vi vunne serien no, seier Eirik Bakke medan publikum jublar om kapp med spelarane ute på kunstgraset.

Han har nettopp sett spelarane sine hale i land sigeren med 4-3 mot Kristiansund.

No er det berre rein teori som kan ta frå karane i svart og kvitt seriemeisterskapen i førstedivisjon. Svært mykje skal til om Brann skal vinne sine siste kampar med nok mål til å gå forbi Sogndal - samstundes som sogningane tapar sine to siste.

– Gutane i garderoben imponerer meg stadig. Og no skal det mykje til om det ikke går. Men det viktigaste var at vi gjorde jobben og vann kampen, seier Bakke.

Sogndal-sigeren betyr samstundes at Brann er klar for eliteserien neste år.

– Det er veldig viktig for oss å få med oss opp. No blir det gode kampar mot dei neste år. Eg vil tru det vart nokre glis i Bergen i dag, ler Bakke.

Intervju med trenar Eirik Bakke etter fotballsigeren over Kristiansund
Laster innhold, vennligst vent..
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.